mandag 31. august 2009

Camping

Eg er litt på etterskudd med blogginga.. men eg skal ta det igjen! Dagen etter eg kom altså på lørdag var vi på camping, Linda, Paul, Kali og meg, Wesley hadde en football match han måtte på. Vi kjørte ca 1 time og noke til Spring Grove, der vi campa. På Spring Grove sitt vekomst skilt stod det, "Velkommen til Spring Grove" Det stod på norsk fordi i den bygda var det dei første norske busette seg i Minnesota. VAD KUL! Til middag åt vi pølse med brød og til kvelds åt vi kylling :) Dei har mykje godt! Dagen etterpå til frukost, steikte Paul, bacon og noke potetstrimle-greie og egg. Veldig godt egentlig, eg likar bacon no :) Dei har alt slags mulig snacks her. På kvelden grilla vi marshmellows på bål, og så la vi dei mellom to kjekt og hadde sjokolade på. NAM! Det var dødsgodt! På heimvegen stoppa vi på en butikk og der kjøpte vi eple med karamell, ganske godt :p Farmor, dei har Lions her også! Såg eit skilt! Og Onkel Trond,du er ikkje aleine, du å camping vogna di :p hehe

søndag 30. august 2009

Mista to fly hehe

Johan og Rebecca på flyplassen :p

Den tredje dagen i NY brukte eg på å komme meg til Minnesota. Eg trudde eg skulle reise aleine, for det er ganske vanlig, men det skulle eg ikkje. Johan fra Sverige skulle til Rochester så vi reiste ilag heile veien. Noke som var veldig bra, for vi mista 2 fly undervegs. Kunne sikkert greidd det aleine også, men det er bedre å vere to. I NY måtte eg kjøpe meg en koffert til BTW fordi eg hadde 2 kilo overvekt før eg kom... så shoppa eg litt i NY så då vart det en smule meir... Vertfall, la meg klokka 12 den dagen, sto opp klokka 3 og reiste klokka 4. Flyet gikk 10 på halv 8, men så vart det veldig forsinka då, noke som gjorde at vi ikkje rakk det andre flyet frå Atlanta. Det er ganske greit på flyplassa egentli, for det er så mange du kan spørre om hjelp. Og visst man må vente lenge på neste fly er det berre å sette seg ned med en Starbucks :) Simple and good! Svensk er så kult! Tror eg må flytte til sverige en dag berre pga språket liksom :p Då vi kom til Minneapolis hadde vi 5 minutt på oss til flyet gikk om eg huske riktig. men vi var på gate F og vi skulle til A, så gav opp sort of. To tima seinare kom vi oss på neste fly og i Rochester stod vertsfamilien min med navnet mitt printa på fotopapir og venta på meg! dei vinka fra vinduet og eg vinka tilbake. Veldig snill og morsom familie! Tror eg komme til å få det kjekt her :)

Mista dei to flya med rød greie rundt

Dag 2 - Softlanding camp

DAG 2

På torsdag var vi på sightseeing også, då såg vi ground zero, brooklynn bridge og the statue of liberty, blandt anna. Ja, og china Town og Little Italy :p FUN! Skulle ta manikyr denne dagen, men eg fekk ikkje tid.. Dei er veldig hyggelige på klesbutikkane her borte. Hørte ganske ofte "Hey, what's up guys!?". Var på en klesbutikk, Abercrombie and Fitch, som hadde menn med berre bukse på og Sixpack løpende rundt eller dansande rundt, dei seldte veldig bra. Det var KØ inn til butikken... Pernille, Lisa, Malin og eg tok en gul taxi for første gang til times square :p det er sånn at vi må seie gate navnet og alt det der, og ikkje plassen der vi vil, for då vil taxi sjåføren vite at vi er turista og då tar han en omvei for å komme dit slik at han tena meir. That's mean. så vi betalte litt ekstra på heime turen. Skulle legge inn en video, men den vil ikkje funke :/ Denna natta sov eg i 3 tima før eg måtte stå opp klokka 3 for å vere nede i lobbyen 4, for då skulle vi vidare! Var litt trist å si hadet til alle, endå eg berre har kjent dei i 2 dager :p Skulle ha skrivet masse meir, men veit seriøst ikkje kor eg skal begynne, trur ikkje eg har fått pressa inn så mange inntrykk på så få daga i heile mitt liv!



onsdag 26. august 2009

Hvad kul! (26 August)

DAG 1:
På onsdag vokna eg klokka halv 7 og gikk til frukost halv 8. Det som vi fekk servert til frukost var muffins og små pakker med kornflakes eller sjokoladegryn. NAM sant? Eg spiste 1 liten pakke med spesial K. Vart så absolutt ikkje mett. Syns endå meir synd i han ved sida av meg som ikkje tålte melk og måtte ete frukostbandingen sin UTEN. Klokka 8 ca kjørte vi til NY med guidebuss. Her i NY er det veldig mange damer som kjøre buss faktisk, fleire damer enn menn. Det var lang kø inn til Manhattan så bussturen tok ein time. Vi plukka opp guiden vår Denis i Midtown og han snakka og fortalte. Vi fekk sjå litt av Juliard, Lincoln Center, der Friend's bur, Little Italy, China town. Det var nett som å vere i kina altså! Ellers viste han oss plassen der John Lennon vart drept, der Bruce Willis bur og central park. Rockerfeller center, Grand central og Saint Phatrick's Chatedral. Masse meir også men eg husker ikkje alt, det var så mykje! Klokka halv 2 fekk vi shoppe! Malin, Lisa, Pernille og eg gikk i lag og vi hadde det kjempe kjekt! Vi gikk på starbucks, Zara, en sminkebutikk, og mange andre butikkar eg ikkje huske navnet på :p Hvad kul! Forresten så sa ho Rebecca eg bur på rom med, hvad kul en gang, og då vart vi heilt kjær i den setninga, og svensk generelt :D En anna butikk vi var på var Disney store eller noke, dei krydde av disney ting der! Vi møtte dei andre ved sida av Rockerfeller en plass der vi tok bussen heim igjen :) Heime spiste vi kvelds, tok litt lang tid før vi fekk maten, og då eg fekk den og hadde spist litt var det ei flue i salaten min, ikkje så kjekt, men eg slapp å betale då. Det er veldig snille folk på hotellet, kommer til å savne alle sammen :)



tirsdag 25. august 2009

Dag 0,5 i NY

No har eg vore i NY eller New Jearsy i snart eit døgn. Det gikk kjempe fint på begge flyturane. På Eg vart kjørt til Asker stasjon av tante Randi og så tok eg flytoget til Gardermoen. Der møtte eg Malin, ho hjalp meg med den billett automaten. Goddie! Flyet landa i går i New Ark klokka (lokaltid) 2pm eller noke sånt. Før vi gikk på flyet i Køben møtte vi danskane, dei skjønte ikkje så godt norsk, og det hjalp ikkje at vi ikkje skjønte så godt dansk heller. Så dei har vi desverre ikkje så god kontakt med. 8 tima tok flyturen, men det virka ikkje som det var så lang tid det tok eigentlig. På setet forran var det ein "tv" skjerm, der enn kunne spille spill med en fjernkontroll og sjå film. Eg såg 17 again hehe. Etter mange timer på reise, var eg endelig framme i USA! Det første som møtte meg då eg gikk ut av flyet var tre mørkhuda damer. Så når eg gikk litt lenger, dukka det opp fleire. Og fleire og fleire. Det var nesten berre mørkuda personar i ankomsthallen. Etter ei lang tid med venting på bagasjen, fekk eg endelig tak i kofferten, den hadde en orange lapp på seg der det stod: Heavy 25 kilo) Great. No måtte eg betale også, eg gikk bort til eit skilt som stod oversized baggage, men der var det ikkje noke, så eg gikk no ut eg då, prøvde å skjule papirlappen eg hadde fått på kofferten, og det gikk! Så eg trur eg slapp å betale.

Lisa og Pernille uttafor et randomfly i Køben :p
Malin og meg, Airbus 340 i bakgrunnen.

Då vi kom ut av flyplassen møtte vi ei dansk dame med explorius tskjorte, ho viste oss veien til hotellet, vi måtte ta eit lite tog fra den eine sida av flyplassen til den andre og deretter buss. Eg gleda meg til eg skulle komme ut av flyplassen for eg var så varm.. hadde eg ikkje før sagt det så kom det varm vind mitt i fleisen. KJEMPE VARMT UTE.


På hotellet fekk eg rom 424, og måtte bu sammen med ei svensk som heite Rebecca og ei dansk som heite Kamilla. Dei er veldig snille då :) La oss klokka 8 lokal tid forresten, så eg vokna klokka 5 og var lys våken. Vi måtte ned å spise også. Det var visst berre frukosten som var inkludert i oppholdet så kveldsen måtte vi betale, eg spiste en hamburger med french fries. Hehe måtte jo vere litt amerikaner då. Den var no god den :) Seinare på kvelden hadde vi "datatreff" på rommet. Dette var dag 0,5 i NY :p Her er eit bilde som eg fekk av min kjære pappa: Reisa mi:

mandag 24. august 2009

Siste blogginnlegg før USA

Eg lovte dokke ett innlegg før eg reiste, men har ikkje så masse meir å sei egentlig. I dag på bussplassen kom Ingeborg og Kristina, dei hadde skulka skulen for meg <3 Egentlig skulle mamma OG pappa følge meg på bussplassen, men pappa vart sjuk så mamma kjørte meg. Rett før bussen skulle kjøre kom pappa joggande bort, til tross for magesmertene sine! Fikk gitt alle en stor bamseklem og satte meg i bussen og kjørte av gare. Bussturen var laaaaang, veldig lang, men eg kom meg til asker, med litt snorking fra han so satt bak og litt polsk snakk lenger bak i bussen. Prøvde å få nettverk i bussen, men det ville ikkje funke -.-

No sitter eg i Slemmestad og er dødstrøtt.. skal stå opp klokka 5 i morra og kjøre klokka 6 for å rekke flytoget. Flotte saker! No gleder eg meg! God natt alle sammen! Savne alle allerede!

Ingen bilder i dette innlegget :p

søndag 23. august 2009

Pakkedagen

Dagen i dag har vore litt rar. Eg sto opp tidli (klokka 10) og begynte å pakke. Ingrid hjalp meg med å velge kleda eg skulle ha med meg. En "hive"- bunke, en "ta varer på, men kommer aldri til å bruke"- bunke, en "ja"- bunke, en "gi bort til søskenbarn"- bunke, en "kanskje"- bunke og en "gi til Ingrid"- bunke. Ingrid- bunken var ein av dei største. Så ho skal låne klessakpet mitt eit år. Seinare møtte eg Marte, så fekk eg sagt hadet til ho. Kjem til å savne ho veldig!

Då eg kom heim var det meir pakking. Og meir pakking, og meir pakking. Linda ringte på, så fekk eg sagt hadet til ho også, ho har forresten hatt bursdag i 2 minutt no, gratulerer med dagen Linda! Ringast, sjåast eller tekstast i USA! Kristina tok seg ein tur nedom også, og vi laga smoothie og kvelds og fann fram Euro i pengesamlinga mi, (må ha euro til København). Seinare kom Ingeborg, det var trist det.. Det besøket enda med en stooor klem med masse tårer. Kristina og Ingeborg er så skjønne, dei hadde laga eit album/scrapbook kvar til meg, med masse minner og fine ord. Ubeskrivelig egentlig. Greide nesten ikkje lese det eg. Det er no en oppdage kor mykje venner eigentlig betyr, og kor mykje en sjølv betyr for dei. Ingeborg og Kristina skal møte meg på bussplassen i morra endå dei egentlig er på skulen då. Trur eg må ta med meg noken serviettar eller noke...


Eg måtte Re-pakke kofferten min fordi den var for tung, så her er eg i full gang.. Kan berre ha med meg 23 kilo i ein koffert. Den er 25 no. Men ein ting er sikkert, om dei to scrapbøkene hadde voge 23 kilo så hadde eg berre tatt med meg dei, og ikkje brydd meg om å ta med meg noke anna<3

I morra går toget, nesten, kjem til å blogge eit siste innlegg i Oslo før eg reiser. Kjem til å savne alle her heime veldig masse, kanskje til og med lyden frå når Håkon ser på Disneychannel, og hamsteren når den springer rundt i hjulet..

fredag 21. august 2009

Ana fred og Ingen fare - Surprise!

Eg må ha dei beste vennane i heile verda, det må eg berre sei. Inger -Lene spurte om eg ville komme ned til ho i dag, og eg kunne selvfølgelig ikkje sei nei til den jenta, så eg sykla ned og hadde det kjempe kjekt! Vi fann ut at vi skulle sjå ein film heime hos meg, and off we went. Då vi kom heim møtte eg ein stressa far i døra, som spurte oss desperat om vi kunne hjelpe han med ei madrass på gjesterommet. Eg ana fred å ingen fare, heilt til eg opna døra.. SURPRISE skreik alle i kor, eller huska faktisk ikkje heilt kva alle sa, for eg fekk heilt black out. An out of body experience was it! Heilt sjukt, eg måtte lukke døra, vart jo heilt skremt. Marte, Linda, Ingeborg, Inger-Lene, Ida, Kristina! Dei hadde ballonga og eg holdt på å grine, trur eg felte noken tårer. Hadde ikkje gjetta at eg ville få et avskjedsparty! Oppe i stua hadde dei dekka på, og mamma hadde laga tapas, med vårrulla og masse god mat med rare navn. NAM. Eg fekk presanga og dei hadde laga sang til meg! Off, eg er så glad i dei <3 Love you all <3



Eg må vere ein av dei heldigaste i verda! You made my day, eg komme til å savne dokke! Eg har ikkje tenkt å grine på bussen, men eg kjem til å felle noken tårer for dokke på mandag.

torsdag 20. august 2009

Bunad og Hafstadfjellet

Endå dette innlegget kanskje ikkje har noke med USA å gjere så føler eg at eg må skrive det likevel. Det er veldig synd at eg må begynne med "I dag har", for eg har sagt og lovt meg sjølv at eg ikkje skal ha en blogg der eg skrive om kva som skjer kvar dag. Dette er unntaket:

I dag har eg ikkje hatt noke lite å gjere på, positivt meint. Eg har både vore på Fotoshoot med Linda i Movika og vore på hafstadfjellet i høljande regnvær! Klokka halv 10 tok eg bussen til Jølster der Linda og eg skifta til bunad og kjørte ned i Movika med mora til Linda for å ta bilete. Linda skal også til USA og ho holder på å lage i bildebok med litt tekst om Norge, for ho har vore rundt om i heile Norge i sommar å tatt bilde!

I går laga vi en "reflektor", om eg kan kalle det det, ved hjelp av ei papplate og litt aliminiumsfolie. Så i dag var vi ned i Movika å tok bilete. Det var ein skuleklasse der (litt flaut) men vi brydde oss ikkje så mykje.

Her kjem nokre bilder, veit ikkje heilt kven som har tatt dei. Enten meg, Linda eller mora til Linda :)




No kan eg snakke om resten av dagen.. Klokka 6 møtte eg Kristina og Tore for vi skulle på Hafstadfjellet. Har egentlig ikkje så mykje å sei, men det var kjekt! Etter ein koselig og ikkje minst VARM dag i movika tenkte eg at å gå på fjellet hadde vore en fin slutt på dagen.. men då tenkte eg feil...

Det HØLJ-regna og vi vart kliss blaute..

Hadde med kamerat, men det vart faktisk ikkje foktig og no er det like godt som nytt :) Takk Tore. Forresten så hadde vi det kjempe aritg på veien ned, men synging av gamle barnesanga (tru det eller ei). Legge innpå noken bilder av dei to turtellduene til slutt:



Lurer på om dei har store fjell og nasjonaldrakter i Wabasha, MN?

tirsdag 18. august 2009

My flights!

I dag har eg fått ordna mykje! Det einaste eg mangler no er skulebøkene til privatist faga eg må ta, samfunnsfag, engelsk og norsk. Dei får eg sansynligvis tak i på skulen i morra, for eg skal opp å besøke gamleklassa, sammen med Linda. Det blir kjekt :) No har eg fått alle flybillettane mine her er planen:

Den 24 august forlater eg Førde klokka 09.30 på Fridabillag. Då går bussen til Asker, der eg skal overnatte til tirsdag.

På tirsdag den 25 august skjer det saker og ting, då kan eg tenkje meg at magen min nett så vidt greier å ikkje eksplodere av all spenninga. Eg reiser med flytog frå Asker til Gardermoen. På flyplassen må eg finne tollvesenet for å få tilbake momsen på kameraet eg nylig kjøpte meg, så går flyet ca halv 10 til Køben. Deretter forlater eg Skandinavia og fyke til NY :D kjem fram 3pm trur eg Amerikansk tid og ca 21.00 norsk tid.

Bildet: En Airbus 340 skal eg fly med over dammen. Håper dei leige ut DVD'ar til dei maskinene på kvart sete! Flyet: http://www.seatguru.com/airlines/SAS_Airlines/SAS_Airlines_Airbus_A340.php





26 august blir den første dagen med Sightseeing på Manhattan. Opplegget denne dagen er:

DAG 1
09:00 AM MEET GUIDE ON EIGHTH AVENUE BETWEEN 49TH AND 50TH STREETS ONE
BLOCK PAST THE HILTON GARDEN INN.
TOUR OF MANHATTAN TO INCLUDE LINCOLN CENTER, WALK IN CENTRAL
PARK, HARLEM, FIFTH AVENUE, ROCKEFELLER CENTER, ST. PATRICK’S
CATHEDRAL, TIMES SQUARE, GREENWICH VILLAGE, SOHO, LITTLE ITALY
AND CHINATOWN.

TIME TO DO SOME SHOPPING AND WALKING AROUND ON YOUR OWN (IN
GROUPS, NOT BY YOURSELF)

27 august blir dagen sånn:

DAG 2
09:00 AM MEET GUIDE ON W. 42ND ST. BETWEEN TENTH AND ELEVENTH AVENUES
IN FRONT OF THE TRAVEL INN.

TOUR TO INCLUDE WORLD TRADE CENTER SITE, WALL STREET DISTRICT,
WALK ON BROOKLYN BRIDGE AND BROOKLYN HEIGHTS.

01:00 PM TOUR ENDS AT SOUTH STREET SEAPORT FOR LUNCH. END OF GUIDE
SERVICE.
TIME TO DO SOME SHOPPING AND WALKING AROUND ON YOUR OWN
(AGAIN - IN GROUPS, NOT BY YOURSELF)

28 august reiser eg vidare frå NY til Atlanta. Her må eg finne det rette flyet som tar meg til Minneapolis. Når eg har komt så langt skal eg vidare til Rochester der Linda, Paul, Wesley og Kali kjem å hentar meg, så er det vidare med bil til Wabasha. Gleder meg kjempe mykje!

lørdag 15. august 2009

Eit rop om hjelp

Var nede på Magne Åse eller Euronics og spurte etter Adapter i dag. Fekk vite at dei ikkje hadde, trur eg vertfall, det var litt vanskelig å skjønne kva han meinte når han snakka om volt og alt det der. Eg måtte vertfall heim å sjekke kor mange volt det var eg ville transformere i Adapteren. Så her sitte eg no og prøve å finne ut av det. Eg trudde det fantes ein adapter som det gikk an å bruke til alt eg. Men kva veit no eg når det gjeld volt. Noken tips? Kva skal eg spørre etter i butikken? Trenger virkelig noken tips no altså! :o Adapter er vell et must i USA for oss Nordmenn..

Fann forresten ei nettside der det stod mykje nyttig om USA for oss nordmenn: http://www.norway.org/norsk/usa/reise/praktisk.htm

fredag 14. august 2009

Mi nye seng :)

Her kjem eit bilde av senga på mitt nye rom. Vertsmora mi, Linda spurte kva slags fargar eg likte best, og eg sa at eg likte veldig godt turkis. Så silk vart det, utrolig fint :) No skal eg nok sove godt resten av året endå eg er langt heimeifra. Teppegolv blir litt uvant, men det er jo slik nesten alle har det på gulvet over dammen, så get use to it seie no eg! Dette blir topp, eg gleder meg sjukt mykje! Har fått vite at mest sannsynlig så kjem innenriksflyet mitt til å lande i Rochester, ca 45 minutt frå Wabasha, så då slepp dei å reise så langt for å hente meg. Dei er veldig snille, og Linda sa at vi skulle "Go shopping" når eg kjem for å kjøpe noke bilder og sånn eg kan ha på rommet for at det skal føles litt meir som heime. Så skal vi på Camping første veka eg kjem, Supér!

Fekk lønn den 12 August for sommerjobben, så då måtte eg berre kjøpe meg noken nye klede. Men desverre ingen bilde, for eg er for trøtt. (Dårlig unnskyldning, eg veit det). I går var eg hos Linda (ikkje vertsmor men venninne). Ho hadde jente kveld men nokre venninner, veldig koselige folk :) Det vart eit lite avskjedsparty for ho siden dei hadde laga plakat og greier til ho, koselig! (Eg har ikkje noken bilder av det heller). Forresten så skulle eg ta den 3. og siste dosen med Hepatitt A og B den 24 August akkurat ein time før bussen til Oslo går. Eg fekk ikkje bytta timen så då blir det litt stress den siste timen eg er i Førde for i år, men det får berre vere :) Skal bli stas å sjå Tante Randi & Co i Oslo igjen før eg reiser! Eg må sjekke om det er den 27. eller den 28. eg kjem til Minnesota. Har ikkje alt heilt klart for meg endå.. men ein ting er sikkert, eg skal få meg en manikyr i NY! :D Can't wait

tirsdag 11. august 2009

Elevreferense til Explorius

For nokre måndar sida eller noko sånt, takka eg ja til å vere referense for explorius. I lag med sju andre fekk eg bildet mitt og epostadressa mi på katalogen til Explorius. No kan alle som har spørsmål og lurer på noe kontakte oss. Eg hadde ikkje sett katalogen før eg kom på Sandane. Kusina mi, Åse, hadde kjøpt seg eit Topp blad der brosjyren låg ved. Ho fekk sjokk! Sitat: "Pappa, Pappa sjå, Oda Marie!" Haha, det var litt kult. Ettersom eg ikkje hadde vore på internett i ei veke, hadde eg nokre uleste epostar på Gmail. Blandt anna en epost frå ei som hadde sett elevreferensesida i brosjyren. Det var veldig kjekt å få epost, og eg svarte så godt eg kunne på spørsmåla ho hadde. Eg gleder meg til 25 august meir og meir og meir for kvar dag som går :D

Eg har fått flybillett!

No er det berre to veker igjen til avreisen, og det er no eg kjem på alt eg må få gjort som eg ikkje har fått gjort endå. 1000 ting, så typisk! Har vore på Voss i ei og ei halv veke, så no har eg fått sagt hadet til mormor, morfar og alle tantene og onklane + David.

Foto: David på Voss i helga :)Bildet kom også med på vestlandsrevyen, Awesome! :D

For the moment, så sitte eg i sofaen på Sandane, skal heim i kveld etter Harry Potter kino. Då blir det goodbye til Åse, Kristoffer, Øystein og kanskje farmor (om ho ikkje tar seg ein Førde tur ilag med onkel Trond neste veke). Det er litt trist å tenke på at det blir eit til neste gong. Men så har vi jo internett, så då blir det ikkje så veldig galt likevell. I dag fekk eg epost med flybillett både fram og tilbake og heile opplegget i New York, Awesome! Mellomlandinga blir i Københaven og flyturen til NY tar ca 8 tima. No venter eg berre på innenriksbilletten min til Minnesota.

Hotellet i NY! (Bildet er henta frå Hotellet si heimeside)

Avreisen er 25 august og eg er heime igjen i Norge 11 Juni 2010. Dei 2-3 dagane eg skal vere i New York skal eg og gruppa mi på Sightseeing!
Tour of Manhattan to include Lincoln center, walk in central park, Harlem, Fifht Avenue, Rockefeller center, ST. Patrick's Cathedral, Time Square, Greenwich Village, Soho, Little Italy, Chinatown, Shopping, World Trade Center Site, Wall Street District, Walk on Brooklyn Bridge and Brooklyn Heights.