mandag 4. mai 2009

Ei stor wwwerd - så lita ho har blitt

I dag er internett blitt heilt nødvendig for dei fleste av oss, både som oppslagsverk, leksikon eller rett og slett kommunikasjonsmedium. Det globale nettverket vårt har blitt mykje større på grunn av internett. Ein kan halde kontakt med menneske på den andre sida av verda, og til og med sjå dei når ein pratar med dei. Dette påverkar også reisevanene våre. Talet på utenlandsstudentar har auka veldig dei siste åra. Det har faktisk femdobla seg sidan 1960. Den største grunnen til dette er vel økonomien. Folk har betre råd no enn dei hadde før. Men eg trur nok at kommunikasjonsmulighetane vi har no til dags også har ein finger med i spelet.

Noko eg har tenkt litt på, er om eg hadde valt å vere utvekslingsstudent om eg hadde levd i "gamle dager" då internett ikkje eksisterte. Kontaktmulighetane mine hadde vorte kraftig redusert om det ikkje hadde vore for dette fantastiske mediet. Kva tenkte utanlandsstudentane på før internett kom i 1991? Før måtte ein slå opp i leksikon kvar gong ein ville ha greie på noko, og sende postkort heim frå ferieturar. No kan ein få vite det ein vil og kontakte den ein vil heile døgnet - om ein vil! Hadde eg reist til USA om internett ikkje hadde eksistert? Det er flaut å seie det, men eg trur ikkje det. Det hadde sikkert gått heilt fint, men dagens samfunn har nok gjort meg litt for avhengig av kommunikasjon via internett.

Mamma har ei venninne, og dotter hennar skal også til USA neste år som utvekslingsstudent. Ho får berre lov å ha kontakt med dei heime ein gong i månaden på grunn av at ho kan få heimlengsel. Eg syns det er noko stort tull. Til mindre kontakt eg hadde hatt med vener og familie, til meir hadde eg sakna dei. Det hadde vore greitt nok om eg ikkje kunne hatt kontakt med den andre sida av jorda fordi teknologien ikkje hadde tillete det, men i vår tid så går det faktisk an. Og korleis i alle dagar skal ein klare å kontrollere om ein har skrive epost til familien heime?

Eg skreiv ovanfor at talet på utanlandsstudentar har femdobla seg sidan 60-talet. Sjølvsagt har økonomien mykje å seie, men fyrst og fremst trur eg at det er på grunn av internett og kommunikasjonsmulighetane vi har i dag som gjer verda så mykje mindre enn før, og det synest eg er ein fantastisk ting.

Kilder: http://www.ssb.no/norge/utd/

fredag 1. mai 2009

Driver's licence slash Sertifikat

Som nemt i tidlegare innlegg kan eg kanskje ta bilsertifikat i løpet av neste skuleår. Eg har forska litt på forskjellar mellom det å ta førarkortet i Norge i forhold til USA. Endå det er mykje som er likt, er det fortsatt mykje som er ulikt. I USA er det ikkje dei same køyrereglane og den same opplæringa i kvar einaste stat. Sidan eg skal til Minnesota, har eg brukt litt tid på å finne ut kva reglar som gjeld der så eg kan vite kva eg går til.

Eg har ikkje tatt det trafikale grunnkurset ein må igjennom her i Norge for å kunne lærekøyre, og eg veit ikkje om eg skal ta det før eg reiser, heller. Økonomisk er det absolutt best å ta sertifikatet i USA. Her i landet kostar det ca kr 15-20 000 for heile pakka med køyretimar, kurs og sertifikat. I USA derimot kostar det berre ca $500 som er 3500 kroner! Då pappa tok sertifikat (i 1983), betalte han berre ca 700 for alt. Det er heilt sjukt kor mykje prisane har stige her i Norge!

Det tar ca eitt år å ta sertifikatet i Minnesota. Då må ein ha kjørt i 30 timar med instruktør og seks timar med ein forelder. I tillegg må ein ha ein god del teori før lappen er i
lomma. I august i fjor kom det nye reglar for tenåringar som skal køyre bil i Minnesota. Det var reglar som begrensar kor mange passasjerar det er lovleg for ein under 21 å ha med seg i bilen, og begrensingar som seier noko om når på døgnet ein kan køyre. Grunnen til dette er at det skjer mest ulykker med tenåringar bak rattet og då særleg om natta. Desse reglane fører til at du ikkje får sjølve sertifikatet i neven før du har køyrt bil i 12 månader.

Ein må vere 18 år for å ta sertifikatet i Noreg, men i USA er aldersgrensa heilt nede i 16 år, du må faktisk berre vere fylt 15 år for å kunne byrje lærekøyringa. Alle som vil byrje på opplæringa i Norge må ta trafikalt grunnkurs, og dei må vere fylt 16 år. Så her er det ikkje så stor forskjell, det tek berre eit par år ekstra før du får "lappen" til odel og eige her i landet.

Men når alt kjem til alt, er eg usikker på om eg faktisk får tid til å ta sertifikatet "over there". Det ser ut til at dei nye reglane vil gjere det litt meir komplisert enn eg trudde. Men kven veit, kanskje endrar dei reglane IGJEN? Det er jo lov å håpe....

Kjelder:
http://www.minneapolis.about.com/od/travelweather/a/newlicense.htm
http://www.dps.state.mn.us/dvs/DLTraining/DLManual/DlManual.htm