Eg har ikkje tatt det trafikale grunnkurset ein må igjennom her i Norge for å kunne lærekøyre, og eg veit ikkje om eg skal ta det før eg reiser, heller. Økonomisk er det absolutt best å ta sertifikatet i USA. Her i landet kostar det ca kr 15-20 000 for heile pakka med køyretimar, kurs og sertifikat. I USA derimot kostar det berre ca $500 som er 3500 kroner! Då pappa tok sertifikat (i 1983), betalte han berre ca 700 for alt. Det er heilt sjukt kor mykje prisane har stige her i Norge!
Det tar ca eitt år å ta sertifikatet i Minnesota. Då må ein ha kjørt i 30 timar med instruktør og seks timar med ein forelder. I tillegg må ein ha ein god del teori før lappen er i lomma. I august i fjor kom det nye reglar for tenåringar som skal køyre bil i Minnesota. Det var reglar som begrensar kor mange passasjerar det er lovleg for ein under 21 å ha med seg i bilen, og begrensingar som seier noko om når på døgnet ein kan køyre. Grunnen til dette er at det skjer mest ulykker med tenåringar bak rattet og då særleg om natta. Desse reglane fører til at du ikkje får sjølve sertifikatet i neven før du har køyrt bil i 12 månader.
Ein må vere 18 år for å ta sertifikatet i Noreg, men i USA er aldersgrensa heilt nede i 16 år, du må faktisk berre vere fylt 15 år for å kunne byrje lærekøyringa. Alle som vil byrje på opplæringa i Norge må ta trafikalt grunnkurs, og dei må vere fylt 16 år. Så her er det ikkje så stor forskjell, det tek berre eit par år ekstra før du får "lappen" til odel og eige her i landet.
Men når alt kjem til alt, er eg usikker på om eg faktisk får tid til å ta sertifikatet "over there". Det ser ut til at dei nye reglane vil gjere det litt meir komplisert enn eg trudde. Men kven veit, kanskje endrar dei reglane IGJEN? Det er jo lov å håpe....
Kjelder:
http://www.minneapolis.about.com/od/travelweather/a/newlicense.htm
http://www.dps.state.mn.us/dvs/DLTraining/DLManual/DlManual.htm
Så spennandes det høyrest ut å kunne ta lappen der borte. Eg synest det e bra at dei laga sonne reglar om kor mange det er lov å sitte i bilen etter eit visst klokkeslett eller på visse dagar.Eg skulle ynskje vi kunne ta lappen på bil når vi var 16 her i norge også, sjønnar ikkje koffor det skal vere forekjelsbehandling på norske og amerikanske undommar :P
SvarSlettVi er vell litt meir forsiktige av oss, når det gjeld andre ting og, til dømes våpen. Skulle likt å visst forholdet på bilulykker her i landet å der :P Om det er noko det samme, så skjønne ikkje eg heller kvifor vi blir forskjellsbehandla! Takk for kommentaren Ida:D
SvarSlettMen han eine utvekslingsstudenten på Explorius-møtet meinte likevel at ein ikkje nødvendigvis blir ein betre sjåfør av å kunne få køyre bil sopass tidleg...får prøve å google "car accident death rate US" eller noko sånt...
SvarSlett