lørdag 25. april 2009

Ein telefonsamtale - it made my day!

For nokre timar sidan satt eg på rommet mitt å tenkte på kva eg skulle skrive innlegg om på bloggen. De skjønar, sidan eg går på Media og Kommunikasjon så lærer vi om å lage blogg! Om to veker skal vi levere inn ein ferdig blogg med fem blogginnlegg. Eg hadde allereie laga blogg då vi fekk oppgåva så kvifor ikkje berre utnytte situasjonen å bruke denne? Men uansett, så sat eg altså på rommet mitt då pappa plutseleg kom inn. Han snakka engelsk så då slo det meg at det måtte vere vertsafamilien min han prata med. Og det var det! Han hadde ringt dei, og spurte om dei ville prate med meg. Då han gav telefonen til meg, skalv han i handa. Eg fekk ikkje tid til å grue meg eller glede meg, det vart berre nokså spontant.

Linda ("hostmom") er veldig grei! Stemma hennar var eigentlig sånn eg førestilte meg, amerikansk og veldig imøtekomande. Kvar gang det vart stille, fylte ho stillheten med snakk, og ho stillte meg spørsmål. Vi snakka om alt og ingenting, og eg kunne høyre Paul ("hostdad") i bakgrunnen. Endå eg berre høyrte han litt av og til, høyrdest han utruleg snill ut han også!

Eg skal ta med nokre oppskrifter frå Norge når eg skal bort dit, så vi kan lage norsk mat også. Eg har hørt at amerikanarar et pannekaker til frukost osv. Men vertsfamilien min gjer altså ikkje det. Dei et frukostblanding sånn som oss nordmenn. Eg har funne ut at graut er Ricepudding eller noko liknande på engelsk. Dei et faktisk det også, med smørauge, sukker, kanel og rosiner.


Wabasha Kellogg High School Foto: Linda, vertsmora mi

Eg fekk vite at skulebussen der borte brukar 40 minutt til skulen fordi den skal innom alle andre skular først. Det er barn heilt frå barnehagealder opp til vidaregåande på bussen. Når eg skal ta bussen til skulen her, brukar den 20 minutt. Men buss er ei herleg oppfinning, og det er rett og slett avslappande å høyre på musikk mens den tek meg frå ein stad til ein annan. Linda sa også noko om dei aktivitetane eg kan velge mellom på skulen. Det kostar 75 dollar for tre månader. Det kan eg gange med 7, så det blir ca 500 kr. Eg fekk vite av Jessica (my school counselor) at eg kan velge meg 12 fag, og dei faga har eg heile året. Linda sa at eg har eit fag i tre måndar så byter eg til eit anna. Ei grei ordning med andre ord!

I løpet av mitt år i Wabasha skal eg på camping. Dei fleste har sikkert prøvd det før, men det har ikkje eg. Det nærmaste eg har vore på camping var då eg var liten og sov i campingvogna til ei venninne (Inger-Lene) utanfor huset hennar. Eg gledar meg til ein ekte campingtur!

I USA kan dei ta sertifikat når dei er 16 år. I Norge kan vi ikkje gjere det før vi er 18 år gamle. Det kan hende eg kan ta det i USA. Dei har visst eit kurs på skulen to gangar i året eller noko. Eg skal spørre Jessica om det. Men om eg tek det der så må eg levere det inn til Explorius når eg får det, så får eg det tilbake når eg kjem til Norge. Då må eg ta to kjøretimar og så har eg sertifikat! Det blir mykje billigare på den måten! (Men sjå også eige blogginnlegg om dette...)

Før i dag var ikkje humøret mitt akkurat på topp. Kristina spurte om vi skulle jogge, men eg orka ikkje, har hatt så vondt i hovudet etter at eg låg i sola å las ei bok. Etter at eg snakka meg Linda på telefonen, så vart eg kjempe glad! It made my day! Det skal vere sikkert! :)

søndag 19. april 2009

Sommar og avreisedato sett!


På biletet ser vi Central Park. Biletet er henta frå EXPLORIUS si nettside. Sjå fleire bilete frå soft Landing Camp her!

Den 25. august reiser eg til NEW YORK på Soft Landing Camp! Der skal eg vere i tre dagar saman med andre utvekslingstudentar som skal til USA skuleåret 09/10. Før det skal eg jobbe på Helsetunet der eg har fått meg sommarjobb. No er det ikkje lenge igjen, tida går fort. I alle høve sommaren! Eg har ikkje fått turnusplanen for jobben på Helsetunet endå, men eg veit eg skal jobbe frå 25. juni til 30. juli. Eg gledar meg veldig!

Eg har faktisk ikkje hatt ein ordentleg jobb før, med unntak av litt jordbærplukking på Sandane sommaren 2005 eller 2006, men eg kan nesten ikkje kalle det for ein ordentleg jobb. La meg berre seie at eg veit korleis polakkane føler det når dei plukkar bær i jordbæråkeren. Hovudpoenget for meg å ha ein sommarjobb i år, er at eg sparar til kamera (mest sannsynlig Nikon D90) og MacBook. Den PC'en eg har no er tung som ein elefant, og det er ikkje vits å dra den med seg over dammen neste år, også med tanke på overvekt på flyet. Ein Mac er både lett og virusfri, og systemet er veldig enkelt. Men eg seier ikkje meir om det no. Eg veit at det er delte meiningar om dette temaet!

For første gang på veldig veldig lenge skal eg tilbringe heile sommaren HEIME. I min hukommelse har det faktisk aldri skjedd. Pleier alltid å reise vekk i feriane til Sandane eller Voss, og annankvar sommar til utlandet. Men no skal eg tross alt bu i utlandet eit år, så det skade ikkje å vere litt heimeværande. Når eg har vore på sightseeing i New York i tre dagar skal eg vidare til vertsfamilien min i Wabasha, Minnesota. I 10 månader skal eg bu heimefrå. Eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg endå, eg gledar meg veldig samtidig som eg er veldig spent. Å snakke engelsk kvar dag i 10 måndar vil gjere meg veldig god i språket, men i byrjinga vil det nok verte litt vanskeleg. Eg har nemleg merka at eg skriv betre enn eg snakkar. Å tenkje er noko heilt anna enn å snakke. Setningane vil liksom ikkje komme ut rett når eg tenkjer høgt.

No byrjar det å bli litt seint, og det er nokre ting eg må ordne før eg legg meg. Eg har ikkje drøymt om USA endå, men kanskje det kjem en liten kortfilm i natt? :)

fredag 10. april 2009

Val av fag

Det er fleire fag eg er interessert i enn dei som er nemnt under, men eg veit ikkje kva dei går ut på endå. Rådgjevaren på skulen i Wabasha har sagt at eg kan velge 12 fag, men at engelsk og amerikansk historie er obligatorisk. Eg sende ein epost til ho der eg spurte om dei faga eg vel, om dei gjeld for heile året, eller om eg skal ha dei kvar veke i kvart semester. 14 fag i veka er vel litt i meste laget?

Har tenkt litt meir på kva slags fag eg skal velge, og det er mange interessante. Eg har ein tremenning i Texas, og han har ei veldig snill dotter som forklarte nokre av faga. Her er dei eg veit kva handlar om, og som eg er interessert i å ta:

Stress management er eit fag der du lærer korleis du skal handtere stress seinare i livet. Det kjem eg heilt sikkert til å få bruk for!

Creative Writing: I dette faget får ein vanlegvis frie oppgåver der ein kan skrive det som ein kjem på. Ein får td. ei overskrift og ei opa oppgåve der ein kan skrive kreativt. Dette faget kan eg få mykje igjen for, trur eg. Blir jo flink til å skrive engelsk:)

Design and Printmaking: Sannsynlegvis eit fag litt meir for kunst. Printmaking er kopiering av kunstnaren sitt arbeid. Men det kan også vere ei klasse i grafisk design. Om det er det, trur eg at eg vil ha dette faget også.

Information processing. Eg trudde dette hadde noko med media å gjere men det er antakeleg eit fag der ein lærer det grunnleggande i ulike Microsoft Office program.

Senior Media Arts Production er faget som liknar mest på det eg lærer på Media og Kommunikasjon på Vassenden. Her lærer ein om TV, radio, film og program som høyrer til.

Team Sports - Basic physical Education (P.E): Her blir ein introdusert for ei rekkje sportar som fotball, basketball, volleyball, tennis, softball, friidrett osv. Det ser ut som dette faget er veldig likt det gymfaget vi har i Norge.

Lifetime Sports er eit gymfag som fokuserer på aerobics, cardio, vekttrening o.l. Navnet seie vel ein god del, om eg ikkje tek feil.

Spanish A: Det heite Spanish A fordi det er ein spansk klasse for nybyrjarar. Spansk er faktisk det mest populære språket å ta i skulane i USA!

onsdag 8. april 2009

En liten framtidsplan til 5-7 Juni

Eg kjem til å ta fri (fråvær) frå skulen fyrste fredagen i juni for å få med meg informasjonsmøtet til Explorius i Drammen. Då skal vi fyrst køyre til Bergen og ta fly til Oslo, og sidan tek vi flytoget til Asker på torsdagskvelden. Billegaste måten å reise på for heile familien, seier pappa. Så bur vi hos tante Randi & co saman med mamma og pappa, Ingrid og Håkon. For at eg skal få studentvisum så må eg møte på Den amerikanske ambassaden. Eg skal ha intervju der fredag føremiddag. Før det må eg ha fått eit skjema får USA som stadfestar at eg skal bu der. Det har eg ikkje fått endå, men 5 juni er lenge til så eg har godt tid (endå). Før eg reiser i haust så må eg møte Explorius personleg, det skal eg gjere litt seinare på fredagen.

Ellers så skal vi på Tusenfryd på laurdagen (takka være veslebroren), men det blir kjekt!

På søndagen skal eg som nemnt på informasjonsmøtet til Explorius. Då seier det seg sjølv at eg kjem til å få ein haug med informasjon. I tillegg må eg ta ein engelsk test på ca 2 timar, trur eg. Sidan eg alt har fått plass, så trur eg ikkje dei kjem til å stoppe meg i å reise om eg rotar det litt til på den testen, så nervane er ikkje så veldig i høgspenn - hehe...


mandag 6. april 2009

Faga eg kan velge mellom

No har eg fått vite kva slags fag eg kan velge mellom. Det har seg sånn at eg ha engelsk og American History. Eg har påpeikt før at eg må ha dei som er merka med stjerne også, men eg spurte rådgiveren på Wabasha Higj School om det og ho sa at det IKKJE gjaldt meg, og dei 3 andre studentane som kjem. Eg er altså fri til å velge dei andre 12 faga! Eg har ikkje fått sett meg skikkelig inn i kva dei ulike faga går ut på, men eg veit vertfall at eg vil ta Media Arts og kor. I Media Arts lærer man å designe internettsider :) Eg er litt usikker på om eg vil få året mitt godkjent, det vil no vise seg når eg får vite kva dei ulike faga inneholder.

Her er ei liste over dei ulike faga:

ART
50 FOUND. OF DRAWING & PAINTING
52 CERAMICS and SCULPTURE
53 CERAMICS and SCULPTURE II
54 DESIGN and PRINTMAKING
56 ADVANCED DRAWING & PAINTING

BUSINESS EDUCATION
100 INFORMATION PROCESSING I *
101 INFORMATION PROCESSING II
104 PERSONAL FINANCE
108 SENIOR MEDIA ARTS PRODUCTION I
109 SENIOR MEDIA ARTS PRODUCTION II
110 ENTREPRENEURSHIP
114 PERSONAL AND BUSINESS LAW
116 ACCOUNTING
120 BUSINESS PROJECTS– IND. STUDY

FAMILY AND CONSUMER SCIENCES
152 TEEN ISSUES
153 SENIOR ISSUES
154 CHILD DEVELOPMENT
156 EXPLORING CHILDHOOD
158 CAREER HORIZONS*
160 RECREATIONAL SEWING I
161 RECREATIONAL SEWING II
163 FOOD PREPARATION – IND. STUDY
164 BASIC FOODS
166 FOODS AROUND THE WORLD
167 ADV. FOODS AROUND THE WORLD - I.S.

LANGUAGE ARTS
212 CREATIVE WRITING
218 LITERATURE & MYTHOLOGY
219 MYSTERY LIT
220 ORAL INTERPRETATION
222 THEATRE
223 SHAKESPEARE
224 ADV. PLACEMENT ENGLISH I
225 ADV. PLACEMENT ENGLISH II

MATHEMATICS
252 TRANSITION MATH I
253 TRANSITION MATH II
254 ALGEBRA I
255 ALGEBRA II
256 GEOMETRY I
257 GEOMETRY II
258 ADVANCED ALGEBRA I
259 ADVANCED ALGEBRA II
266 CONSUMER MATH A
267 CONSUMER MATH B
260 FUNCTIONS, STATS, AND TRIG I
261 FUNCTIONS, STATS, AND TRIG II
262 COMPUTER PROGRAMMING
264 PRE-CALC & DISCRETE MATH I
265 PRE-CALC & DISCRETE MATH II

MUSIC DEPARTMENT
60 BAND A
61 BAND B
62 CHOIR A
63 CHOIR B

PHYSICAL EDUCATION
308 TEAM SPORTS A
309 LIFETIME SPORTS B

SCIENCE
354 OUTDOOR BIOLOGY A
355 OUTDOOR BIOLOGY B
360 PHYSICS A
361 PHYSICS B
362 CHEMISTRY I
363 CHEMISTRY II
366 ANATOMY & PHYSIOLOGY I
367 ANATOMY & PHYSIOLOGY II

SOCIAL STUDIES
404 WORLD GEOGRAPHY I*
405 WORLD GEOGRAPHY II
406 AMERICAN WEST & MOCK TRIAL

ECONOMICS*
408 CURRENT SOCIAL ISSUES
410 COMMUNITY AWARENESS
411 STRESS MANAGEMENT
412 AMERICAN POLITICAL SYSTEMS*
414 ADV. PLACEMENT US HISTORY I
415 ADV. PLACEMENT US HISTORY II
416 ADV. PLACEMENT PSYCHOLOGY I
417 ADV. PLACEMENT PSYCHOLOGY II

TECHNOLOGY EDUCATION
459 CADD I
460 CADD II
461 I.S. CADD
452 WELDING & METAL TECHNOLOGY
454 FABRICATION I
455 FABRICATION II
456 WOODWORK I
457 WOODWORK II
458 I.S. WOODWORKING
464 MACHINING TECHNOLOGIES
472 BUILDING TRADES I
473 BUILDING TRADES II

WORLD LANGUAGE
240 SPANISH 1A
241 SPANISH 1B
242 SPANISH 2A
243 SPANISH 2B
244 SPANISH 3A
245 SPANISH 3B
246 SPANISH 4A
247 SPANISH 4B
248 LATINO STUDIES