fredag 26. juni 2009

2MKA eller 3MKA?

Eg veit ikkje om eg kjem til å få ordet mitt godkjent som eit teljande år eller ikkje. Om eg får det begynner eg i tredje klasse medie og kommunikasjon forhåpentligvis i den same klassen. Men om eg ikkje får det må eg gå andre klasse opp att.

Det er umulig for meg å vite kvar fordelane ligg. Om eg må gå andre klasse opp att går eg i ein klasse under alle eg kjenner og alltid har vore på lik linje med i snart 16 år. Eg får heller ikkje vere russ med dei eg kjenner best. Eg skulle nok greid å bli venner med dei som er yngre enn meg, men eg treng at det er litt jordnært og trygt rundt meg trur eg. No har eg nesten klart å setje meg inn i jobben som kjøkken assistent på Helsetunet, men eg er fortsatt ikkje heilt trygg på det eg gjer, og eg kjenner ikkje så mange der endå. Eg vil ha hukommelse til å huske alle arbeidsoppgåvene mine og korleis eg skal gjere dei, eg vil også ha tillit frå dei eg jobbar med. Men det kan eg ikkje få uten at eg jobbar for det. Akkurat sånn er det med vener også, ein må jobbe for eit vennskap, for det er veldig få som "klikker". Eit nytt sted virkar utfordrande og spennande, men eg trur eg treng å vite at eg kjem heim til det eg kjenner. Veit ikkje om eg greide å formulere det logisk her, men det er logisk.

Då eg meldte meg på dette opplegget var eg fullt klar over at eg kanskje ikkje fekk året godkjent. Eg vert ikkje fullstendig knust heller om eg ikkje får det godkjent, men selvfølgelig ynskjer eg dét. På High school må eg ta fag som liknar mest mogleg på dei faga eg ville hatt i andre klasse her heime, altså mediefag. Eg må ta alle fellesfaga som privatist neste år, og det er veldig mykje arbeid. Det viktigaste av alt er at eg ikkje slit meg ut med skule og privatist faga, men heller brukar energi på å oppleve også. Vitsen med eit utvekslingsår er jo å oppleve andre kulturar og mennesker. Ein må også gi noko tilbake og vere ein god ambassadør for landet sitt. Det blir vell eit utfordrande år, og eg må leve eit dobbelt liv på ein måte for å greie det, men veit dokke KVA, eg tar det litt som det kjem!:)

mandag 8. juni 2009

Ei informativ helg, med karusellar og ambassadebesøk

Slektsbesøk, Ambassadebesøk, Tusenfryd og Slip-test var stikkorda for denne helga. Heile familien reiste til Oslo på torsdag, budde hos tante Randi og Co, og hadde det supert heile helga!

No har det virkelig begynt å gått opp for meg at no er det ikkje lenge igjen før avreisen i August. Eg kan nesten ikkje vente! Så snart eg var ferdig med den hektiske tentamen/prøve eksamen i avisjournalistikk på torsdag reiste vi til Bergen. Derfra tok vi fly til Oslo, der været ikkje var fullt så bra som i Bergen.

Ambassadebesøket
På fredag lysna været, og eg og pappa tok turen til den amerikanske Ambassaden. Med tanke på min eigen sikkerhet, veit ikkje kor mykje eg kan skrive om det besøket, men eg kan sei at det er veldig streng der. Pappa fekk ikkje komme inn, så eg gikk aleine, noko som ikkje var noko problem. Derimot, vart pappsen litt stressa, for han hadde gleda seg til å sjå korleis det såg ut der inne. Visumet betalte eg 900 kroner for, og eg fekk faktisk visumet og passet i posten i dag. Praise to the Ambassaden! Om eg ikkje hadde tatt med fødselsattesten min, hadde eg ikkje kunne ha tatt flyet heim att ettersom ambassaden måtte ha passet mitt. Ambassaden føltes som et godt sikra postkontor, der eg fekk kølapp til intervjuet som berre varte i norke minutt. Ei maskin tok fingeravtrykka mine og eg gjekk ut att med auger i nakken. Etter å ha stått i kø uttafor i ca 20 minutt, tok berre besøket på ambassaden 10-15 minutt. Skulle gjerne lagt ut nokre bilder, men det var ikkje lov å ha med mobil eller kamera inn.





Møte med Eva

Eg møtte også Eva, koordinator i Explorius denne dagen. Ho er veldig hyggelig! Eg føler meg veldig inkludert i opplegget. Explorius tar inn eit visst anntal studentar kvart år, og dette gjer at dei veit navnet på alle studentane og foreldra deira. På informasjonsmøtet på søndag kvapp eg litt ettersom dei visste kven alle var. Eg spurte Kathrine, den daglige leiaren i Explorius, om kor konfirlutten min var og ho sa: "Den ligger der borte, Oda Marie". Explorius er virkelig eit godt eksempel på korleis ein studentorganisasjon skal vere! :)

Tusenfryd
På lørdag var vi på tusenfryd, den nye karusellen Spin Spider var kjekk, men eg har vore i kjekkare karusellar
før. Eg stod foressten EIN TIME i kø sammen med Ingrid, Marte og Claire. Derfor gadd vi ikkje ta den meir. Tusenfryd var kjempe gøy då!




Claire, meg, Marte og Ingrid i Spin Spider. Foto Øyvind Lyslo med sitt fantastiske zoom på Kameraet!


Informasjonsmøte

Klokka 10 på søndag møtte eg Linda i Drammen, vi skulle ta Slip-testen, ein engelsktest alle som skal til USA må ta. Eg trur vi måtte ta den fordi dei skulle kva slags nivå vi er på når det gjeld engelsk, slik at vi ikkje vert plassert i fiel engelskklasse neste år. Den første delen av testen var latterlig- enkel, men den siste delen var ekstremt vanskelig, der vi måtte svare på sånne tenke-seg-til-spørsmål om klor i basseng osv. Eg har ingen idé om korleis den siste delen gjekk.

Då vi var ferdig med testen klokka 12.00 hadde Explorius informasjonsmøte 13.00 der dei snakka om korleis vi kunne forberede oss best mulig, alt frå A til Å. Dei hadde med seg to tidligare utvekslingsstudentar som hadde vore i USA i for fjor. Han eine gjekk faktisk på media og kommunikasjon i Drammen og hadde utvekslingsåret sitt i Minnesota! Året sitt fekk han godkjent og han hadde matte med andre klasse då han kom heim. Eg har jo ikkje matte i andre klasse, så no er håpet mitt om eit godkjent år, forsterka.

Foto: Den flinke fotografen Linda Hjelle!

Det dei snakka om på møtet har eg egentlig skrive litt om i innlegget: "Good to know". Ein ting eg kan sei noko om som eg ikkje har sagt tidligare er reglane på skulane der borte. På nokre skular får dei ikkje sminke seg, og dei fleste har kles-kodar.
På skulen til ho tidligare utvekslingsstudenten på Exploriusmøtet fekk dei ikkje gå i singlett, bukser med hull i, eller kjolar som var gjekk høgare opp enn til kneet. Eg veit ikkje korleis det er på min skule men eg skal spørre vertsfamilien min neste helg, når eg skal snakke med dei i telefonen. Eg glede meg :) Har veldig mykje eg lurer på.

Om de vil lese meir om informasjonsmøtet, gå innpå Linda sin blogg!

tirsdag 2. juni 2009

Good to know

No er det berre 13 veker igjen til avreise og det vert meir og meir spennande. For nokre veker sidan fekk eg eit hefte i posten der det sto mykje nyttig om det å vere ein utvekslingsstudent. Det stod råd om korleis ein skal få venner, lære språket, og det stod mykje om skulen i landet. Eg reiser som sagt gjennom Explorius, og dei samarbeider med ulike selskap i USA. Linda, ei venninne som også skal til USA neste år, "har" eit anna selskap enn meg som hjelp ho med forbredelsane. Eg syns det er litt rart at ho har så lite ho må gjere og eg så mykje, men det har vell med selskapa i USA å gjere. Uansett, tenkte eg skulle seie noko om kva som stod i den brosjyren eg fekk i posten.

Vertsfamilien
Explorius betalar ikkje vertsfamilien for at dei har ein student hos seg eit år. Familiane er frivillige og dei er intervjua før dei vert godkjente som vertsfamiliar. Dei svarar på alle spørsmål ein har om livet i USA, og hjelpe ein med å forstå det som må gjerast. Dei behandler deg som eit familiemedlem forhopentligvis, men for at det skal skje må også ein sjølv vere open.

Skulen
Ein kan gå på skule i USA fordi ein er ein gjest av den amerikanske regjeringa og har VISA. Det var vertfall det som sto i brosjyren og eg ikkje har oversatt heilt feil. Skulen har rett til å sette reglane for eksamen, vitnemål og sportsdeltakelse. Og ein må følgje reglane skulen har uansett om ein er einig eller ikkje. Det høyres litt strengt ut når det vert sagt på den måten, men reglane kan ikkje vere så veldig mykje annleis enn det eg er vandt med. Det er nokre skular i USA som har reglar på at ein ikkje skal kle seg for utfordrande. Skulen eg skal gå på har ikkje noko uniform, men anna enn det veit eg ikkje noko om.

Språk og kultur
Det beste er å snakke engelsk heile tida, ikkje bruk oversetter og ikkje snakke med noko som snakkar norsk. Ta med ordbok og prøv nye ord, og visst ein ikkje forstår så er det berre å spørre. Se på tv, hør på musikk og les bøker, alt på engelsk. Det siste eg nevnte gjer eg daglig i Norge så det skal ikkje verte noko problem å fortsette med den vanen. For øyeblikket holder eg på å lese den siste boka i Twilligt sagen, Breaking dawn. Veldig tjukk bok, men satsar på eg er ferdi før eg reiser.

Vennar
Ein må ikkje bekymre seg om ein ikkje har fått seg vennar med ein gong, det tar tid. Gi ein forsøk og gå bort til nokon og prat, det er ikkje noko poeng i å vente. Ungdommane i USA syns visst det er heilt greitt at ein kjem bort å spør om ein kan vere med på ulike aktivitetar osv. Ver med på sportsaktivitetar og klubbar. Eg vil sei at vi nordmenn kanskje ikkje er så imøtekommande som vi ynskjer å vere. Og det er difor vanskelig å verte involvert i vennegjengen om du er heilt ny og ikkje kan norsk skikkelig. Sånn er det i USA også, ein må gi ein innsatts for å få vennar. Ungdommane har vore vennar lenge og det vert kanskje litt rart å plutselig skulle ta ein heilt ukejnt person inn i vennegjengen. Om det er andre utvekslingsstudentar på skulen så for all del ikkje lag ei utvekslingsstudentgruppe. Det er ingen tvil om at dokke har mykje til felles, og det er kanskje enklare å verte kjend med ein som har det akkurat sånn som deg, men det er ingen lur idé.

Pengar
I det programmet eg skal følgje så må ein ha $300/ca 2000 kr i lommepengar kvar månad. Ein må ikkje låne pengar frå vertsfamilien eller låne vekk pengar til dei, og telefonrekningane dine betalar du kvar månad. Ein er sjølv betale for lunsj og aktivitetar på skulen, klede, toalettsaker, kontantkort og andre personlige utgifter.

Ein treng ikkje følgje brosjyren til punkt å prikke og følgje den heilt slavisk. Vertsfamilien sine reglar kjem først i rekkja. Det ser kanskje ut som eg har skikkelig peiling, men eg veit ikkje korleis året mitt kjem til å bli. Det er det som gjer det så spennande! Brosjyren er meint for å hjelpe. Det er mykje meir eg kunne ha sagt noko om, men eg kan ikkje utsette dokke som les dette for alt for lange innlegg. Spør om det er noko! :)