fredag 25. desember 2009

Jula mi

No er den 25 desember over om nokre timar, men eg har fortsatt julefølelsen i meg. Dette har vore ein kjempe kjekk jul hittil, og det føles faktisk som at jula kunne vare heilt til påske! Vanligvis på juleafta ville eg hatt pinnekjøtt, men i går åt eg østerssuppe. Det var første gangen eg har smakt det, og det var ikkje så gale faktisk. Eg er berre ikkje vandt med det, så det var litt annleis. Etter middag, kjørte vi ein tur og såg på alle lysa på husa ute. Amerikanera elsker å pynte husa sine med lys. Skal legge ut bilder eller video en dag slik at dokke får sjå nokre eksempel. Å ja! Før vi åt så snakka eg med farmor, mamma og pappa, Ingrid og Håkon på IChat, det var kjempe koselig! Julepresangane eg hadde sendt den 8 desember har ikkje komt fram endå, beklageligvis, så dei får berre vente litt til då!

Då vi skulle pakke opp presanger gjorde vi det på den måten at vi alle valgte eit nummer og den som valgte det nummeret som var nærmast det nummeret Linda valgte, skulle begynne å opne opp pakker. Slik gikk det, først var det Wes som opna opp alle sine, så Kali så meg. Det fungerte kjempe bra, men vi kunne umulig gjort det heime (i tilfelle Håkon måtte opna sist, hehe, ikkje sant Håkon?) -Neida, eg berre tuller. Eg fekk kjempe masse fint, må eg berre sei! Kari Traa Sokker, Penalhus og blyanter og notisblokk og kort med norskeflagg på! Moods of Norway genser, og Wabasha/kellogg genser, Masse sjokolade og rugsbrød = Nam! Body Lotion, Christmas ornaments/pynt, lysestake, smykke, fin boks, øredobber, 2 bøker, ein quilt som farmor hadde laga! Den henge over speilet mitt! og ikkje minst Ticket to Ride!

Jul er ei heilt fantastisk tid på året, yndlings Holyday'n min, definitivt :) Eg laga graut i går som vi kokte opp i dag. Laga til 20-30 personar, så det er masse igjen. Mamma og pappa hadde sendt en martsipangris så det vart premien. Broren til Paul fekk den og alle likte det, dei hadde aldri smakt det før. Eg hadde heilt glemt at det var en buffet dei skulle ha her, det var derfor det vart sp mykje graut, men det gjer ingenting for alle likte det, og Linda skla ha til frukost i morra også, hehe! I dag spilte vi alle sammen - Wes, Ticket to Ride og Varvulven! Det var kjempe kjekt og no skal eg legge meg! God Jul Everybody, og tusen takk for pakkesangane!

onsdag 23. desember 2009

Feliz Navidad!

For augeblikket er eg paa skulen, i study hall. Den er den 23 desember, og siste dagen paa skulen foer juleafta i morra. Gleder meg kjempe mykje. Den 25 desember skal eg lage graut til 20-30 familiemedlem av vertsfamilien min. Vi skal ha en mandel i grauten og den som faar den, faar forhaapentligvis ein marsipangris. Dokke skjoenner, eg fekk ein pakke i posten av mamma, pappa, Ingrid og Haakon. Dei hadde kjoept hjortesalt saa eg kan lage kakemenn, og sjokolade nonstop og seigemenn til pepperkakene eg skal lage snart... julepakke fra baade dei og nissen og ikkje minst perlene mine saa eg kan lage armband! Julenissen har vore veldig snill med meg i aar!

I study hall las eg ferdi ei bok som vi skla ha test paa i dag, saa gjekk eg inn til spansk klassen og aat kake med dei og sang Feliz Navidad. Dei gaar forresten rundt om til forskjellige klasser no og synger den, kjempe morsomt, berre for aa irritere laererane som proever aa undervise. Senor Irvin er kul! Tok bussen til skulen i dag og fekk julepakke fra Logan, den ville forhaapentligvis berre vare ei veke, lurer paa kva det kan vere. Det ser ikkje ut til at oppholdet mitt her vil paavirke antallet paa julepresanga i aar enda eg er paa andre sida av heime. Tusen takk alle sammen :D

tirsdag 15. desember 2009

paa skulen til og med 23 Desember og pakke fraa Ida!

No er det berre 2 veker til jul! Eg er litt usikker paa naar dokke heime faar juleferie, men eg maa vertfall gaa paa skulen til og med lillejulafta... ush... Heime er det jo noko som heiter lille lille julafta, her er det ikkje lillejulafta ein gong. Eg har juleferie fraa 24 Desember til 3 Januar trur eg. Det skal bli bra! Her har dei kortare feriar midt i aaret og saa sluttar skulen tidligare. Graduation er 5 Juni, eg trur alle Senior'ane som gratuate faar fri fraa daa, men eg er ikkje sikker. Resten av skule slutter 8 juni. Det er litt kult, eg kjenner to Ingeborg'er og dei har bursdag 5 og 8 Juni. Woho! Sammentreff..

Fekk pakke av Ida i gaar! En julepresang! Det sto "Haaper det smaker" saa eg gleder meg kjempe masse til aa sjaa kva som er inni! Juleafta er rett rundt hjoernet.

mandag 14. desember 2009

Biblioteket eksplodere snart!

Telefonen ringte i dag tidlig klokka 7. "Kven i grana ringe saa tidlig?" tenkte eg. Skulen avr forsinka to timar paa grunn av daarlig vaer. Eg er blitt veldig glad i daarlig vaer no! Men eg syns dei kunne ringt litt tidligare saa eg kunne sove lengre isteden for aa stresse med frukost osv. No sitter eg paa skulen i foerste time (egentlig tredje) og eg har studie time, jippi! Berre eit problem... Eg faar ikkje konsentrere meg fordi det er eit saa vanvittig hoegt volum her inne! Skulle tru det var barn fra Elementary men, sad but true, 12 grade students.. Eg proever aa komme lengre paa en Research paper i Amerikansk historie om norsk immigrasjon til Amerika. Men det skal ikkje vere enkelt.. Eg som trudde at bibliotek var meint for stillhet og konsentrasjon, tru om igjen!

Eg sitter til venstre uttafor bilete paa ei datamaskin :)

fredag 11. desember 2009

The buss broke down! And way to officialy kick our buts Stewartville!

I går var det en stress dag.. Kom på skulen to tima seinare enn vanligvis fordi det ikkje var så fint vær. Eg satte pris på det. Eg visste det var basketball kamp mot Stewartville og at eg måtte være på skulen 5.15 pm. Men tru om igjen.. det viste seg at den var flytta fram en time så bussen gjekk 4.15 på isteden. Det gjorde ikkje meg noke egentlig, for skulebussen er som oftast heime her klokka 10 over halv 4 om dagane. Eg ville akkurat ha tid til å spise noke før eg måtte sette meg i bilen og kjøre 10 minutt til skulen. Då eg satt i bussen stoppa den og slapp noken av. Men den ville ikkje starte igjen. Der satt vi og fraus (Jess Linda vertsmor, eg er glad eg hadde hanska og hue), i 15 minutt. Då eg endelig satte beina på jorda igjen var klokka 4.05. Eg hadde altså ikkje noke tid til å gjere noke som helst. Eg tok basketball baggen min og stappa i meg en sandwich og kjørte av garde til skulen (eg kjørte ikkje, men satt på selvfølgelig.) Kampane var lange og vi tapte.. Vi tapte stort.. Eg veit ikkje om eg vil seie kva vi tapte med, men det er berre til å le av egentlig, vart ganske morsomt til slutt. 71 - 9. hahahhahaahahhahahahhahahahahah! Men eg spillte jo så det var ikkje noke bombe.. neida det var ikkje min feil. Dei rulte bana!


No er det dagen etter, altså fredag og det er helg.. Eg har heller ikkje noke basketball trening denne helga, og skal lage peppernøtter med Kali! Det gleder eg meg super masse til! Skal kanskje lage pepperkaker også! Eg trur ikkje eg har gleda meg så masse til å lage småkaker på lenge! And BTW, dette er juletreet våres! Masse lys, trur Linda sa det avr 700 eller noko i den dur.. Det er både blåe og kvite, og det er snømann theme! Herrlig.. Eg putta ei stjerne på toppen etter eg tok biletet, for eit juletre er ikkje komplett uten!


GOD HELG ALLE SAMMEN!

onsdag 9. desember 2009

Snow day = No school!

I går kveld fekk vi vite at det ikkje vart skule i dag på grunn av dårlig vær. Som sagt på en kommentar her så er det altså snø opp til kneet og det blåser forferdelig mykje. Minnesota weather som dei fleste her vil seie. I dag har eg vore ute og måka snø og så har Kali og Ryan, Wes og Alisha, og meg vore ute å aka. Det var kejmpe kjekt, snøen rakk meg opp til magen der vi aka!

I morra begynner skulen 2 timer seinare enn når den egentlig skal begynne også. Må berre elske snø altså!

Det har ikkje vore på mange bilder ute å gått på bloggen no for tida, og det er fordi eg skriver blogg innlegg på skulen og der har eg ikkje bilder. Eg har ikkje bilde å legge ut no heller fordi eg ikkje tok noken, men håper det ikkje er for kjedelig fordiom.... Skal prøve å skjerpe meg..

tirsdag 8. desember 2009

No Basketball!

Eg er litt glad no.. eller no lyge eg.. eg er veldig glad no! Basketball kampen vaar vart avlyst pga bad weather. (Det ikkje stygt weather.) og i morra kan det hende det ikkje blir skule heller pga bad weather. herrlig!

Where did my pencil case go after Choir?

Er det ei stund sida eg har blogga no? Det er vell paa tide med eit innlegg uansett trur eg. I gaar daa eg kom heim laag det to pakker paa senga mi, eg art saa glad! Ein fra mamma & Co og ein fra Kristina og Ingeborg. Det var veldig stress dag i gaar. Hadde basketball trening fra 3 til 5 og kor konsert halv 8. Kom ikkje heim foer 10 om kvelden for vi reiste paa Dary Queen etterpaa. OREO ICECREAM er godt, men Reese's er best. Dokke trur sikkert eg er heilt dilla paa Reese's.. men daa har dokke heilt rett.

Basketball treninga var ikkje saa veldig kjekk i gaar. Eg trur eg maa vere litt emir frampaa, ellers saa blir det ikkje betre trur eg. Eg glir ut av Varsity meir og meir for eg speler paa B-Squad, og paa treningane naar vi gjer forskjellige oevelser, maa eg hoppe inn alle plassa, fordi folk har folk dei er vande med a spille med, og som dei spiller med i kampene. Men men.

Kor konserten gjekk ganske bra i gaar, og eg har faat fine kommentara av mange. Eg og Amy sang duet paa eit vers av "Rhiu Chiu" og det var kjempe kjekt. Men paa slutten av sangen etter at noken hadde songe det siste verset litt hoegare enn det dei skulle, viste ingen kva tone dei skulle begynne refrenget paa, saa alt vart berre kaos med minst seks forskjellige toner som ikkje passa sammen. Det var heilt forferdelig. Men veldig morsomt.

Eg har forresten mista penalhuset mitt. Paa fredag foerste time hadde eg kor i Auditoriumet, daa den timen var ferdig gjekk eg til skapet mitt og oppdaga at eg hadde glemt penalhuset mitt, saa eg tok turen tilbake for aa hente det. Fann eg det? NEI... Borte vekke. Gjekk til kontoret (the office) for aa sperre om dei hadde faatt det inn, men det hadde dei ikkje. Spurte faktisk to gonger den dagen og to gonger denna veka. I dag spurte eg om dei hadde overvaakningskamera eg kunne se paa, men dei hadde ikkje det i Auditoriumet, saa who ever took it, my pencilcase meant a lot to me, cause my grandmother made it to me, so bring it back! Forhopentligvis vil dei som tok det lese bloggen min aa lever det tilbake.. Not... Anyways... no har eg berre ein blyant, og den er ikkje min ein gong..

Cheer up! Vertsmora mi skal levere pakkane mine i posten i dag, saa familien i Foerde kan vente seg ein pakke neste veke, Ida ogsaa! Pappa fekk tak i "Hit the Road Jack" notane, saa no kan vi synge den i koret, Mrs. B var veldig glad og sang paa den under heile Study Hal'n! Vad kult!

søndag 6. desember 2009

Basketball er ein herrlig sport

Som dokke kanskje kan skjønne på overskrifta, så går det bedre og bedre med basketball. Det var litt forvirrande dei dei to første vekene, og det er det endå, men det er på eit anna nivå selvfølgelig. Eg trudde det skulle bli bedre enn volleyball, og det trur eg det blir også, men eg har så veldig lyst å vere meir involvert i Varsity laget. Eg har ikkje lyst å spille på det, dei er veldig gode så eg trur neppe eg kan holdet følge, men dei er like gamle som meg, og det hadde vore kult å vore ein del av det. Treneren seier eg er det, men no i det siste har eg ikkje akkurat følt det. Men det kjem seg :D

Eg har spilt to basketball kamper til no, på B-Squad laget. Dei har mange lag på skulen, i rekkefølge: 7-klasse, 8-klasse, 9-klasse, B-Squad og Varsity. Eg spille på B-Squad. Der er det 9 og 10 klassinger. På varsity er det en 9-klassing, nokre tre 10-klassinger og resten junior og senior.

Det første kampen er spillte spillte eg ikkje så masse, endå det føltes sånn. Eg "rebound-a" ballen 2 gonger og begge gongane vart blåst som "traveling" hehe :p Silly me, hadde ikkje fått med meg at eg måtte gi den fra meg før eg bevegde føttene! Sånn kan det gå, og dette skjedde altså to gonger på rad og rekke.

Dette er meg då eg "rebounded" ballen og vart blåst for "traveling" den første eller andre gangen.




I går (lørdag) hadde vi kamp i Lake City nokre minutt vekke frå her. Då spelte eg veldig masse! I played in both quarters, and it was so much fun. Endelig føle eg at eg er litt bedre, og det berre etter den andre kampen. Dette må berre gå ein veg, og det er opp!

Det som er litt dumt er at det er trening kvar einaste dag, untatt dei dagane (to gonger i veka) då vi har kamp. Eg har fem helger fri frå basketball i alt. Og det gjelder heilt til Mars. Heftig! No må eg berre sørge for å ete litt meir sunt, det vil seie ikkje spise Reese's kvar einaste dag, så vil dette få eit veldig godt resultat!

Eg veit at mange trur at dei fleste amerikanera er overvektige osv, men det er faktisk ikkje sånn. Det er ikkje sånn i det heile tatt. På skulen føler eg at alle er tynnare enn meg, som forsåvidt er sant, vertfall om vi teller opp kor mange Reese's eg har spist sida eg kom. Kanskje dette er på grunn av all treninga dei får på skulen. Kvar dag meg trening gir resultat, vertfall om man spiser riktig også. Anyways, basketball blir digg, og eg greidde forresten 3 av 4 treepointers sist trening, fantastisk!

Nummer 5 er Breanna og Mariah hopper opp til ballen. On the Varsity game.