søndag 25. oktober 2009

Lutheran Church - Peace be with you - knekk!

Denne kirka var nokså lik den norske kirka eg er vandt med. Vi sang, hadde nattverd og presten leste og vi sa Amen og ba. Noke som var annleis var at vi sa "Peace be with you" og hilste på kvarandre. Eg hilste på ei gammal dame og eg trur eg tok ho litt for hardt i handa, for det knakk!

Eg stod opp klokka halv 7 for å gjere meg klar. Vertsfamilien min går ikkje vanligvis i kirka, men Linda, Kali og meg gjorde det i dag fordi Kali skal konfirmere seg snart og ho må delta på kirke aktiviteter. Akkurat sånn som vi i Norge må delta på så og så mange søndager i kirka før vi kan bli konfirmert.

Vi sang ein salme som vi også har i Norge, "Be Thou My Vision." På norsk heiter den "Deg å få skode." Veldig fin sang, også på engelsk.

Det som var litt rart var at presten snakka om Simpsons, eit eller anna om ho lille jenta på Simpsons sa at ho hadde funne opp The Lutherns. Presten snakka også om at facebook, myspace og youtube har blitt ein ny måte å kommunisere på, også for dei. Eg er jo protestant, og dette var ein luthersk kirke. Presten hadde ein liten "tale" om at den protestat kirka ikkje kjempa så hardt for ting som den lutherske kikra gjer. Vi følger meir "The Main Stream". Presten visste ikkje at eg var protestant, men Linda såg på meg å smilte veldig då ho sa det. Det var litt morsomt.

Dette kirke besøket var ikkje så annelis fra den norske kirka, men i Winona (20 min herfra) har dei det litt annleis. Der er det litt meir "Hallelujah! - Spirit" i lufta. Kanskje vi skal ta oss en tur ned dit en søndag. Eg er ikkje vansligvis ein person som går i kirka, men eg gleder meg faktisk litt til vi skal til Winona kanskje. Det er jo viktig å få med seg så mykje som mulig av den Amerikanske kulturen! Og eg har hatt eit inntrykk av at det er meir "kjekt" å gå i kirka i USA enn i norge, det skal liksom vere meir som skjer, og man blir meir involvert. Den lutherske kirka eg gikk til i dag var litt vanlig, sånn som i Norge. Eg har fortsatt lyst å oppleve "Hallelujah - spirit", og sjå om det er sånn som eg hadde forestilt meg. Let's find out in Winona some day!

Faith Lutheran Church of Wabasha

tirsdag 20. oktober 2009

Eg bestod ikkje + meir info

I dag på skulen tok vi en test som alle som ville flytte til Ameirca på 18-1900 talet måtte ta og bestå for å kunne bu i America. Det var 50 spørsmål og vi måtte velge Minnesota som stat.. Man måtte ha 60 % for å bestå, og med dei puslete 46 % eg fekk, bestod eg altså ikkje. Så no blir eg sendt heim i løpet av neste veke.. great. Neida, eg sa ikkje ka eg fekk til læreren min i Amerikansk historie, det vart for flaut.. Eg syns spørsmåla var vanskelige.. Prøv dokke! http://www.800citizen.org/us_citizenship_test/

Noken andre ting eg har lagt merke til:
  1. Smaken på tyggisen varer lengre her
  2. Flipflops/sandaler er VELDIG inn her
  3. Man må skifte klasserom kvar skuletime, det er lærerene som har sitt eige faste klasserom
  4. Man kan ikkje berre gå do midt i timen eller til skapet sitt, man må ha Hallpass.
  5. Racoons, ekkorn og stinkdyr blir kjørt over av bilane ikkje pigsvin
  6. Slengbukser er fortsatt inn
  7. Poofed hair er veldig populært blandt jenter. Sjå bilde av meg på innlegget før dette
  8. USA og ikkje minst skulen er akkurat sånn som på film
  9. Så og seie alle 16 åringer har billappen
  10. Det er inn med kort hår. Sånn ned til halsen
  11. Vi tener meir i norge og ting er dyrare. Her tener dei mindre og ting er billigare, så det går opp i opp
  12. Man har dag til dag lekse
  13. Standaren er høg i sporter på skulen, spesielt volleyball
  14. Å gå til frisøren er billigare, eg betalte 260 kroner for vask klipp og litt styleing + shampoo og balsam
  15. Reklame reklame reklame reklame
  16. Skulen varer like lenge som heime
  17. Alle er veldig høflige, seier sorry, excuse me og how are you all the time
  18. Dei har ikkje buss eller tog, kollektiv transport
  19. Spotify fungerer ikkje, berre i 14 dager til dei merker at du ikkje er i Norge lenger
  20. USA er eit kjekt land å bu i!
Og btw, dei har nordlandslefse i butikken!

Fantastic Sams

Jess no har eg vore til frisøren, endelig! Den siste som klipte meg var Kristina, men no er ikkje ho her, så då måtte eg ta meg ein tur til Fantastic Sams (navnet på salongen). Fekk til og med en vask og kjøpte meg shampoo og balsam for berre 260 kroner til sammen! Woho, dette må eg gjere oftare, må ikkje la det gå så lang tid som det har gjort til no. Uklart bilde:

lørdag 17. oktober 2009

Chicago og UTI

På fredag eller natt til fredag klokka 3 reiste vi alle sammen til Chicago. Det er fem timer herfra. Eg stappa den lille shuffel-ipod-en min med musikk, so I felt very comfy in the car :) På turen hadde vi med oss bananer og Donuts, mmmm! Grunnen til at vi resiste til Chicago var at Wes skal begynne på College der nede i August neste år, så vi måtte få en omvisning på skulen. UTI er en skule der dei lærer om biler, og korleis man kan fikse dei og alt det der. Skulen var HUGE.. huge. Det var ikkje berre ein stor bygning men vertfall 3-4 til. Man kan spesialisere seg på toyota biler, BMW, Audi, Trucks og noke anna som eg ikkje husker fordi eg ikkje er spesielt bil-interessert.. Det gjekk nesten berre gutar der på den skulen, men såg nokre jenter, faktisk. Vi måtte ta en buss fra bygning til bygning fordi det var litt langt å gå og det regna. Mange tøffe bilar må eg seie!



Resten av dagen gikk til Sightseeing i Chicago. Vi kjørte rundt om kring i byen og vi i baksetet tok bilder. Såg høge bygninger over alt nesten. Det var nett som å vere i NY igjen, berre at Chicago ikkje hadde høge og trange gater over alt, men litt sjø også. Vi reiste ned på en plass med sjøen som heitte Navy Pear eller noke, der var det liv. En College-skule hadde band oppvisning med dans og masse rart. Vi gikk rundt om kring og såg på ting i suvenir - butikker og ute. Det var kjempe kjekt! Klokka 3 pm (om dagen) reiste vi heim igjen, kom heim ca 10 på kvelden. Absolutt verdt den lange bilturen!

Bowling!

På torsdag kom Annika over, og Kali, Wes, Ryan, Annika og meg gjekk å bowla. Super kjekt :) Etter på gjekk vi på Dary Queen, dei lager verdens beste iskrem. Reese's peanutbuttercup-ice cream!

Noke eg har funne ut at vi i Norge burde skaffe oss er: Reese's peanutbuttercups, Dary Queen og Starbucks!

Her kjem en video frå bowlingen:



Eg må unnskylde om dokke må snu dataen på hodet for å sjå..

onsdag 14. oktober 2009

En ukes oppdatering

Vell, vell.. Det har skjedd veldig mykje på kort tid. Det har vore homecoming veke, eg har fått kort i posten, eg har vore hos Annika (anna utvekslingsstudent fra Tyskland) det var berre 2 dager på skulen denne uka, men det er fortsatt volleyball trening, det går faktisk bra, stortrives :D Har fått gitar i posten, har slutta med World Geography, kjøpt meg den røde jakka, trenger tannkrem, har A i alle fag og på fredag skal vi til Chiacgo. Eg har det strålande :D


Sist veke var det homecoming, då var det TP-ing (dekorere trer med dopapir på kvelden i hagene til folk osv...) kjempe kjekt :p Det var utkledningsdager den uka, på mandag var det "Favre - day", tirsdag "Pirat - day", onsdag "Aqua - day", torsdag "winter - day" og fredag "spirit - day". På spirit day går alle i rødt, kvitt eller svart siden det er skulen sine farger. Den dagen hadde vi ingen fag, hadde det berre kjekt med ulike poster og aktiviteter vi rulerte med. Gutane spilte volleyball og jentene skulle egentlig spille football men det var for kaldt. vi såg ein film heile skulen og i lunsjen kunne vi kaste ball på en blink og vips så datt læreren i vatnet :p Skulen her er virkelig annleis enn skulen heime. Alle her har "school spirit" ser det ut som, kanskje det er pga at skulen har "school colors" og alle går med rødt på fredager, ikkje veit eg.

Homecoming, bonfire, her kroner homcoming kongen, homecomingdronninga, Nicole og Jordan :)

Anyways, på fredags kvelden var det football kamp, IIISKALDT... det er virkelig kaldt her no, det kom forresten litt snø for nokre dager sidan, men den er borte no. Eg må kjøpe meg hansker. Etter football kampen var det homecoming dans, det var ikkje sånn som i Rochester, her gikk alle med jeans og tskjorte, helst rød :p Vi dansa og hadde det super kjekt heile kvelden. Det var en sang der alle stilte seg i rekker og dansa nøyaktig det samme, awesome :p

På lørdag fekk eg kort fra Ingeborg Himle Matland, one of my best friends frå Voss. Ho hadde skrive eit super langt brev og pynta det med masse farger og til og med lagt ved en melkesjokolade! NAM den er spist opp... På lørdag var eg også hos Annika, den andre utvekslingsstudenten på skulen, vi hadde det super kjekt, såg film og på søndag var vi "in the cornfield" og tok bilder (sjå facebook).
Annika og meg lost in the Cornfield

Denna veka har det berre vore 2 skule dager, på mandag og tirsdag fordi lærerane har sånn "snakke med forledrene om eleven dagar" Herrlig å ha fri :) men det er fortsatt volleyball practice i dag og i morra frå 2.30 pm til 4 pm. Volleyball er faktisk kjekt, det var kjekkast i går, coach'en sa til meg, "maybe we have to make you play on monday" men det var berre fordi eg hadde litt flaks då vi skulle "smash'e" ballen over nettet etter å ha blitt lagt opp til.

På fredag skal vi til Chicago fordi Wes skal begynne på College der til neste år. Vi skal sjå på skulen og eg skal ta bilder. Det blir kjekt :)

På søndag er det middag hos Volleyball Coach'n, det blir kjekt også.

Forresten, grunnen til at eg slutta med World Geography var fordi det var for masse lekser og eg hadde berre 30 minutt studyhall på skulen, no har eg 1,5 time. Det hjalper veldig.

Ha det kjekt vidare over dammen :D

tirsdag 6. oktober 2009

oj oj oj crazy

Eg har gjort noke ulovelig, if I tell you, I might have to kill you...