Noken andre ting eg har lagt merke til:
- Smaken på tyggisen varer lengre her
- Flipflops/sandaler er VELDIG inn her
- Man må skifte klasserom kvar skuletime, det er lærerene som har sitt eige faste klasserom
- Man kan ikkje berre gå do midt i timen eller til skapet sitt, man må ha Hallpass.
- Racoons, ekkorn og stinkdyr blir kjørt over av bilane ikkje pigsvin
- Slengbukser er fortsatt inn
- Poofed hair er veldig populært blandt jenter. Sjå bilde av meg på innlegget før dette
- USA og ikkje minst skulen er akkurat sånn som på film
- Så og seie alle 16 åringer har billappen
- Det er inn med kort hår. Sånn ned til halsen
- Vi tener meir i norge og ting er dyrare. Her tener dei mindre og ting er billigare, så det går opp i opp
- Man har dag til dag lekse
- Standaren er høg i sporter på skulen, spesielt volleyball
- Å gå til frisøren er billigare, eg betalte 260 kroner for vask klipp og litt styleing + shampoo og balsam
- Reklame reklame reklame reklame
- Skulen varer like lenge som heime
- Alle er veldig høflige, seier sorry, excuse me og how are you all the time
- Dei har ikkje buss eller tog, kollektiv transport
- Spotify fungerer ikkje, berre i 14 dager til dei merker at du ikkje er i Norge lenger
- USA er eit kjekt land å bu i!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar