fredag 17. juli 2009

Nikon med på reisa!

Hei og hå! No har eg jobba og slete i snart 16 dagar og har berre 8 dagar igjen. Det er no kjekt på Helsetunet, mange kjekke pensjonistar og ikkje minst kollegaer :) Ettersom eg har blitt litt lei av oppvask i 3-4 timar kvar jobbdag, skal det verte godt med 3 vekers ferie før avreise den 25. No er eg godt rusta for eitårs-opphaldet, for no har eg nemleg skaffa meg Nikon D90! Min kjære pappa og eg besøkte Bjarne Reierkvam i går på butikken for å høyre om dei hadde dette fantastiske kameraet. Og ikkje før vi kjem inn døra, ser vi kameraet posére bak glasdøra i butikken. Etter mykje om (og ikkje men) slo vi til. Det som var planen min var å kjøpe kameraet etter lønningsdagen min 12 august, men Bjarne er ein god selger... Når turistar kjøper noko i Noreg slepp dei å betale moms på vara (ikkje mat trur eg) fordi dei skal som regel ut av Noreg før det har gått 30 dagar. Om ikkje lenge har eg også blitt ein "sort of" turist i Noreg og kan få det same tilbudet. Så alle som skal bu i utlandet eit år eller lengre, kjøp ting i siste liten før dokke reiser slik at dokke slepp å betale moms. Ambefalast.

Eit av dei første bileta eg tok. Ikkje klag på bakgrunnen, veit den er litt distraherande! Frå venstre: Min kjære farmor Kirsten, Onkel Trond, Pappa Øyvind og kusine Åse.

I morra skal eg i bursdag, så då skal eg virkelig få bruk for "boksen som fangar augeblikka". Marte frømannen min er 18 år i dag og det må sjølvsagt feirast! Tuddelidu folkens og god helg! :)

Btw, fann nettopp ut at eg har kortlesar til San Disk Secure Digital minnekortet innebygd i MacBook'en folkens! Det er berre det smartaste eg har vore utfor på lenge. No slepp eg å drakse på kortlesar! I love mac <3

mandag 6. juli 2009

Gamleheim med Play Station, taco, og lan i år 2070?

Eg jobbar jo på ein gamleheim, og eg kan ikkje slutte å la vere å tenkje på kva vår generasjon kjem til å fordrive tida med på gamleheimen med når den tida kjem... Kjem det til å gå i play station, mobil, mp3, Ipod og DS m.m? Kanskje fiskepuddingen vert bytta ut med taco eller pizza. Det trur eg faktisk.

Ikkje verdas mest kreative bilete, men dette er vertfall helsetunet. Døra rett fram er vareinntaket til kjøkkenet, der eg jobbar :)

Når eg til dømes er åleine på bussplassen og ventar på bussen tar eg som oftast opp mobilen... Ikkje fordi eg skal svare på ei melding eller ta telefonen når det ringer... Nei, rett og slett berre fordi det skal sjå ut som eg er opptatt og ikkje kjedar meg. Eg trur vertfall at det er grunnen, kvar skal eg sjå når eg ikkje veit kvar eg skal sjå? Det går som oftast i tetris på bussplassen. Men over til poenget. Her sitt eg med mobilen, mens det sit ei eldre dame med avisa ved sida av meg. Ho har ikkje vakse opp med all den teknologien som har vorte så trengande for dei fleste. Nei enten sit ho med avisa eller så ser ho ut i lufta. (som oftast ser ho ut i lufta, for avisa har ho lest om morningen). Verda forandrar seg...

I pensjonist-tida skal ein dyrke hobbyane sine. Om ein ikkje har ein hobby er det ingen vits i å vere pensjonist. Det ein ikkje fekk tid til som ung, har man no massevis av tid til. Enten det er brodering, frimerker, quilting, eller gjere det fint i hagen. Dette er vell noko av det pensjonistane no til dags interesserar seg for, men kva kjem pensjonistane i år 2070 til å gjere? Det einaste eksempelet eg fann på no var data/pc. Tenk om alle 15- 40 åringane hadde hatt kvar sin pc eller mac i år 2070. Gamleheimane kunne arrangert lan og greier, døds kult :p

Det er jo ingen som har lyst å verte gammal, men høyres det så gale ut? Kanskje det vert litt irriterande å høyre på at sidemannen på gamleheimen høyrer på Lady Gaga kjempe høgt fordi høyrselen er redusert, og alt maset om: "Kooo-oor er Iphooone-en m-min?"
Konklusjon: Eg gledar meg litt til eg blir gammal!

Godkjenning med vilkår

Skulle eigentlig skrive innlegg om ditta for lenge sida, men har hatt det litt travelt med jobb osv.. men here it comes! Eit lite...

For ei stundt sida fekk eg brev frå skulen (på vassenden) at eg kan få året mitt godkjent som eit vg2 år. Vilkåra var at eg tar fellesfaga som privatist og går opp i eksamen når eg kjem tilbake om hausten. Eg må selvfølgelig ikkje stryke på eksamen... Og nesten- godkjenninga er klart ein gladnyheit! No slepp eg å gå rundt å vere usikker på om eg får det godkjent eller ikkje. No er det berre opp til meg eigentlig. No kan skuldrane senkast resten av sommaren! Det har ikkje heilt gått opp for meg at det nesten berre er sju veker att til avreise! Og dei vekene kjem til å gå ekstremt fort, sånn som sommaren generelt gjer...