Eg jobbar jo på ein gamleheim, og eg kan ikkje slutte å la vere å tenkje på kva vår generasjon kjem til å fordrive tida med på gamleheimen med når den tida kjem... Kjem det til å gå i play station, mobil, mp3, Ipod og DS m.m? Kanskje fiskepuddingen vert bytta ut med taco eller pizza. Det trur eg faktisk.
Ikkje verdas mest kreative bilete, men dette er vertfall helsetunet. Døra rett fram er vareinntaket til kjøkkenet, der eg jobbar :)
Når eg til dømes er åleine på bussplassen og ventar på bussen tar eg som oftast opp mobilen... Ikkje fordi eg skal svare på ei melding eller ta telefonen når det ringer... Nei, rett og slett berre fordi det skal sjå ut som eg er opptatt og ikkje kjedar meg. Eg trur vertfall at det er grunnen, kvar skal eg sjå når eg ikkje veit kvar eg skal sjå? Det går som oftast i tetris på bussplassen. Men over til poenget. Her sitt eg med mobilen, mens det sit ei eldre dame med avisa ved sida av meg. Ho har ikkje vakse opp med all den teknologien som har vorte så trengande for dei fleste. Nei enten sit ho med avisa eller så ser ho ut i lufta. (som oftast ser ho ut i lufta, for avisa har ho lest om morningen). Verda forandrar seg...
I pensjonist-tida skal ein dyrke hobbyane sine. Om ein ikkje har ein hobby er det ingen vits i å vere pensjonist. Det ein ikkje fekk tid til som ung, har man no massevis av tid til. Enten det er brodering, frimerker, quilting, eller gjere det fint i hagen. Dette er vell noko av det pensjonistane no til dags interesserar seg for, men kva kjem pensjonistane i år 2070 til å gjere? Det einaste eksempelet eg fann på no var data/pc. Tenk om alle 15- 40 åringane hadde hatt kvar sin pc eller mac i år 2070. Gamleheimane kunne arrangert lan og greier, døds kult :p
Det er jo ingen som har lyst å verte gammal, men høyres det så gale ut? Kanskje det vert litt irriterande å høyre på at sidemannen på gamleheimen høyrer på Lady Gaga kjempe høgt fordi høyrselen er redusert, og alt maset om: "Kooo-oor er Iphooone-en m-min?"
Konklusjon: Eg gledar meg litt til eg blir gammal!
for 6 år siden
Vi er vel alle eit produkt av den teknologiske tida vi lever i, og det er ikkje lett å forestille seg korleis det vil bli når vi blir gamle. Vi kan jo berre tenkje oss korleis det blir om 30 år når eg som 78-åring skal oppdatere facebook, twitter eller bloggen min...eller kanskje det finst heilt andre og kulare greier då...
SvarSlettGodt poeng...men no vil jo du fortsette å lære deg dei nye programma osv som kjem så då holder du vell på med det til du er blitt pensjonist ++ slik som dei yngre :p
SvarSlett