Hei og hå! No har eg jobba og slete i snart 16 dagar og har berre 8 dagar igjen. Det er no kjekt på Helsetunet, mange kjekke pensjonistar og ikkje minst kollegaer :) Ettersom eg har blitt litt lei av oppvask i 3-4 timar kvar jobbdag, skal det verte godt med 3 vekers ferie før avreise den 25. No er eg godt rusta for eitårs-opphaldet, for no har eg nemleg skaffa meg Nikon D90! Min kjære pappa og eg besøkte Bjarne Reierkvam i går på butikken for å høyre om dei hadde dette fantastiske kameraet. Og ikkje før vi kjem inn døra, ser vi kameraet posére bak glasdøra i butikken. Etter mykje om (og ikkje men) slo vi til. Det som var planen min var å kjøpe kameraet etter lønningsdagen min 12 august, men Bjarne er ein god selger... Når turistar kjøper noko i Noreg slepp dei å betale moms på vara (ikkje mat trur eg) fordi dei skal som regel ut av Noreg før det har gått 30 dagar. Om ikkje lenge har eg også blitt ein "sort of" turist i Noreg og kan få det same tilbudet. Så alle som skal bu i utlandet eit år eller lengre, kjøp ting i siste liten før dokke reiser slik at dokke slepp å betale moms. Ambefalast.
Eit av dei første bileta eg tok. Ikkje klag på bakgrunnen, veit den er litt distraherande! Frå venstre: Min kjære farmor Kirsten, Onkel Trond, Pappa Øyvind og kusine Åse.
I morra skal eg i bursdag, så då skal eg virkelig få bruk for "boksen som fangar augeblikka". Marte frømannen min er 18 år i dag og det må sjølvsagt feirast! Tuddelidu folkens og god helg! :)
Btw, fann nettopp ut at eg har kortlesar til San Disk Secure Digital minnekortet innebygd i MacBook'en folkens! Det er berre det smartaste eg har vore utfor på lenge. No slepp eg å drakse på kortlesar! I love mac <3
for 6 år siden
Grattis med kamera!! D90 er eit knallbra kamera, er du fornøgd med det så langt? Det var bra du valgte nikon :)
SvarSlettJa eg kom heim frå australia i går kveld eg, så vi var der berre i 10 dagar.. Men det var veldig kjekt! :) Utruleg masse fin natur.
Takk Linda, eg er super fornøyd, utrolig bra bilder! Gleder meg til eg skal ta masse bilder i USA å legge ut :D Såg bilder fra turen din på Facebook, veldig mange fine bilder! Du er kjempe flink å ta dei! Så heldig du er så får klappe en kengeru, såg skikkelig koselig ut :p
SvarSlettJa, eg blir jo reint misunneleg, MacBook og speilrefleks.... Skulle lagt inn standardfrasen om at "då eg var ung....), men eg kan jo ikkje klage som fekk reise til Bergen som 15-åring og kjøpe Tandberg-forsterkar ;-) Men det einaste eg lurte litt på i innlegget ditt, var kva er ein "frømann"...?
SvarSlettJeg skal i en liten by ca. 20 minutter fra Wabasha! :D Linker deg til bloggen om det er greit?
SvarSlettJeg skal bo *
SvarSlettJeg skal til Lanesboro, helt i bunnen av minnesota :) Greit at jeg linker deg ?
SvarSlettSå kjekt,link i vei!:) Eg kan linke dokke også, om det er greit :)
SvarSlettja, det var mye å velge mellom :) Når reiser du?
SvarSletteg reiser 25 august fra Oslo :)
SvarSlett