for 6 år siden
søndag 29. mars 2009
Den eldste byen i Minnesota
I går sendte vi epost til familien i Wabasha. Med tanke på at dei ligger seks timar etter oss, var klokka to på dagen der då vi sendte den.
Håpar på svar snart!
Eg har gjort litt reasearch i mellomtida for å få litt meir kunnskap om Wabasha. Det er faktisk den eldste byen i Minnespta (1830), med 2599 innbyggarar i 2000. Det er sikkert fleire no, men i forhold til Førde som har 11 838 inngyggerar er dei ikkje så mange. I søknaden min skreiv eg at eg ikkje hadde noko imot å komme til ein liten plass, forhopentligvis blir det enklare å bli kjent med folk. Byen ligger i kommunen som har same namn of den er oppkalla etter ein infianar høvding som heitte Chief Wa-Pa-shaw. Gruppa av indianarar han var sjef over, the Sioux Nation, hadde leir i Wabasha.
Main Street in Wabasha, Minnesota.
Wabasha har masse å by på! Der er golf der, aktivitetar med elva, seiling (på engelsk "boating"), isfiske, camping og ski. Eg har aldri vore på camping-tur eller fiska gjennom isen, eller drive med noko elveaktivitetar, så håper eg får prøvd noko av det, og slalom selvfølgelig! Dei har eit skisenter som heite Coffee Mill Ski Area.
Filmane "Grompy Old Men" og "Grumpier Old Men" vart filma i Wabahsa i 1993 og 1995. Filmane vart skrive av Mark Steven Johnson, som hadde ein bestefar som budde i Wabasha. Dei skal eg sjå! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar