Denne kirka var nokså lik den norske kirka eg er vandt med. Vi sang, hadde nattverd og presten leste og vi sa Amen og ba. Noke som var annleis var at vi sa "Peace be with you" og hilste på kvarandre. Eg hilste på ei gammal dame og eg trur eg tok ho litt for hardt i handa, for det knakk!
Eg stod opp klokka halv 7 for å gjere meg klar. Vertsfamilien min går ikkje vanligvis i kirka, men Linda, Kali og meg gjorde det i dag fordi Kali skal konfirmere seg snart og ho må delta på kirke aktiviteter. Akkurat sånn som vi i Norge må delta på så og så mange søndager i kirka før vi kan bli konfirmert.
Vi sang ein salme som vi også har i Norge, "Be Thou My Vision." På norsk heiter den "Deg å få skode." Veldig fin sang, også på engelsk.
Det som var litt rart var at presten snakka om Simpsons, eit eller anna om ho lille jenta på Simpsons sa at ho hadde funne opp The Lutherns. Presten snakka også om at facebook, myspace og youtube har blitt ein ny måte å kommunisere på, også for dei. Eg er jo protestant, og dette var ein luthersk kirke. Presten hadde ein liten "tale" om at den protestat kirka ikkje kjempa så hardt for ting som den lutherske kikra gjer. Vi følger meir "The Main Stream". Presten visste ikkje at eg var protestant, men Linda såg på meg å smilte veldig då ho sa det. Det var litt morsomt.
Dette kirke besøket var ikkje så annelis fra den norske kirka, men i Winona (20 min herfra) har dei det litt annleis. Der er det litt meir "Hallelujah! - Spirit" i lufta. Kanskje vi skal ta oss en tur ned dit en søndag. Eg er ikkje vansligvis ein person som går i kirka, men eg gleder meg faktisk litt til vi skal til Winona kanskje. Det er jo viktig å få med seg så mykje som mulig av den Amerikanske kulturen! Og eg har hatt eit inntrykk av at det er meir "kjekt" å gå i kirka i USA enn i norge, det skal liksom vere meir som skjer, og man blir meir involvert. Den lutherske kirka eg gikk til i dag var litt vanlig, sånn som i Norge. Eg har fortsatt lyst å oppleve "Hallelujah - spirit", og sjå om det er sånn som eg hadde forestilt meg. Let's find out in Winona some day!
Faith Lutheran Church of Wabasha
for 6 år siden