Så var den dagen over. Dette har sannsynligvis vore den dagen eg har gjort på mest til no. I dag har det berre vore i eit kjør heilt til akkurat no klokka halv 12. Først skule så tilskuer på to volleyballkamper. I morra blir det ein til men då ska eg spille volleyball, eller trene på det vertfall.
Først i dag satt eg på med Wes til skulen, der fann vi ikkje parkeringsplass så vi måtte parkere på plenen. Det var KØ inn til skulen. Dei kan jo kjøre bil her når dei er 16 så det var ikkje så rart + att det var orientation day for elementary school, så foreldrene til kidsa var der også.
Eg kom meg vertfall inn på skolen og fann skapet mitt, men eg turte ikkje putte låsen på, og det er eg glad for at eg ikkje gjorde. Eg satt i heile kor timen å øvde meg på å opne låsen min og eg fekk det ikkje til då heller. Så no veit Wes og ein anna koden min for eg greidde ikkje finne ut av det sjølv. Vertfall, etter det hadde eg Geography med MR. Kropp. (ikkje le). Det var en kjekk time heilt til han sa at kanskje eg, Oda kunne holde eit lite foredrag om Norge. Så var det avgarde til Media Arts. Eg gikk inn i klasserommet, spurte Mrs Christiansen om eg kunne gå på toalettet før det ringte inn, gjorde det, kom for seint inn igjen. Vi gjorde ikkje noke spesielt i den timen, enn at vi gikk igjennom ei side av det store blåe hefte vi fekk med masse reglar om alt frå A til Å.
Føle det er litt strengt her, man må ha et pass og skrive under noke ark før enn kan forlate klasserommet. Vi har faste plasser i kvar time. Og det er 4 minutt mellom kvar klasse, så det einaste enn har tid til er å springe til skapet, hente bøkene til neste time, og springe til klasserommet. Enn har forskjellige klasserom for kvar klasse. Og ein klasse varer ein skule time. 50 minutt. 7 timer dagen + 4 minutt pauser og lunsj i 30 minutt. Men eg overlever, dei andre har gått på samme skule i snart 12 år og dei ser ut til å ha det strålandes.
Lunsj var det neste! Eg måtte legge bøkene mine i skapet mitt som ikkje var så enkelt å få opp så det endte med at eg sto 10 minutt i matkø. Det gikk, og eg fekk maten min. Man får en lunsjkonto enn kan fylle peng på å så får man mat i kantina og etterpå taster enn inn koden sin på en maskin og VIPS så er maten din. I dag ar det tacos (trekantchips) med kjøttdeig og mais. Eg fekk druer, melk og IS også. Eg visste ikkje heilt kor eg skulle gå å sette meg, men eg fann ett snilt bord med volleyball jentene der eg til slutt satt meg. Der satt det en tysk utvekslingsstudent, ho var veldig snill, eg har american history med ho, eg kjem til det seinare. Etter lunsj sprang eg avgarde til Engelsk. Der gjekk vi igjennom meir stoff i det blåe heftet og så lnte vi bøker. Eg har ei bok her som heite Breaking Dawn så eg lånte berre ei lita lita bok om minneapolis. Då den klassen var ferdig var det Spanish. Det var kjekt. Læreren var kjempe kul. Lærte meg 10 spanske ord for sit down, get up, slowely, fast, springe, stol, gå, dør, gutt og jente. Men eg huske ikkje heilt dei spanske orda her og no. American History var den 6 timen. Læreren er kul, ho er volleyball coach og veldig snill. Men det er så mange "bøller" i den klassen. Snakke stygt til læreren skal alltid kommentere osv, stress. I den klassen er alle utvekslingsstudentane samla, ei frå Brasil, ei fra Tyskland og 2 fra Norge. Det er også to nye studenta so nettopp har flytta hit frå ein anna stat. No om det. Den siste timen min hadde eg Info processing. Eg kom inn, spurte Mrs Christiansen om eg kunne gå på tolaette før det ringte, gjorde det og kom for seint igjen. Her skal eg i førsten lære å skrive på data fort uten å se på fingrane. Denne klasse likte eg. Veldig mange kule og morsomme folk der. Morsom klasse!
Då skulen var slutt tok eg den gule skulebussen heim. Alle skulebussane har nummer på seg etter kva slags area du skal til. Eg gjekk inn satt meg fremst og det tok ca 40 minutt, noko som vanligvis berre ville tatt 5 om eg hadde kjørt direkte. Skulebussane her skal stoppe med alle sitt hus. Alle sitt hus. Ja du høyrte riktig, alle sitt hus. Det er ikkje lov å gå av bussen før den er med huset ditt. Eg satt meg vertfall fremst en plass, der satt det en liten gutt i 1.klasse. Det første han sa til meg var, you are pretty! Gud så søtt! smårolligane heime hadde aldri sagt noke sånt, for det er ikkje kult, sant? Eg vart til og med spurt om eg ville hang out hos han, haha xD
Då eg til slutt kom meg heim fekk eg vite av Linda at det er bakerst i bussen alle dei eldste sitter. For dei yngste prater hol i hodet på en om en sitte framme. Nei seie du det.
Eg go Linda tok oss ein tur til posten for å poste noken brev. Farmor, Mormor og morfar, helsetunet og Marie, Ryan og David kan vent seg eit brev om ei uke! Eg prøvde bankkortet mitt igjen, men det virker fortsatt ikkje. då vi kom heim fekk eg berre til til å spise en take away eller take to go yoghurt og 2 mandariner før vi skulle på skulen igjen å sjå Kali spele volleyball. Dei vant. Rett etter den kampen var ferdig vart eg invitert av mora til Brianna (en junior) til å sjå ein ny kamp, 1 time vekke i Rochester, der junior og Senior jentene skulle spille kamp. (det laget eg skal joine) Det hørtes kjekt ut så eg sa ja! And of we went. Dei vant kampen sin også som var ferdig klokka 9. Då vi skulle heim kjørte vi litt feil så det tok litt lenger tid. Då kom eg med en kommentar: I like advantures! og VIPS så var eg "a good sport". Kjempe sulten kom eg meg i hus hos the Ridgeways, dusja og åt Stuffed peppers, NAM )skal forklare seinare kva det er, berre minn meg på det). Her eg eg no, i senga mi, stuuuup trøtt. Dokke skal vere glad dokke fekk eit innblikk av dagen for eg må egentlig sove. Heldige dokker er. I morra skal eg på skolen til klokka tre så på volleyball trening fra halv 4 til halv 6. Sånn er det kvar dag no. Ønsk meg lykketil. I morra skal eg legge meg tidlig! Skal legge ut bilder når eg får tid!