torsdag 10. september 2009

Tåke og surprise party!

I dag skjedde det ei bilulykke ikkje langt herfra og ein mann vart drept. Det er så mykje tåke om morningen at man kan ikkje sjå kor man kjører eingong! såg ingenting i forigårs då eg tok bussen til skulen. I vertfall, skulen var "tardy", forsinka med to timar i dag så begynte ikkje før klokka 10. 15 eller noke. Skulebussen brukar selvfølgelig all verdenstid uansett kor mykje tåke det er så måtte hoppe på bussen halv 10. Det er så masse bråk på bussen, alle dei småe kidsa! :p Og skulebussen homper så mykje at eg trur rett og slett at eg må begynne med sports-BH! Neida, det er ikkje så gale då..eller jo.

Då eg kom til skulen gjekk eg rett til tredje time Media Arts, så andre time Geografi vart ikkje noke av. Eg så sleit sånn i går med å gjere ferdi leksene. Det er sånn her at skulen blir skippa om det er for mykje snø eller for mykje tåke osv. Om skulen gets tardy eller forsinka ein heil dag, then we have to make up that day in the end of the schoolyear or semester. Om dokke skjønne ka eg meine, man må ta igjen den dagen seinare. DER fekk eg det ut på norsk! Og veit dokke korfor dei må ta igjen dagen? Fordi elevane ikkje fekk lunsj. That's why! Skulen får penger av staten eller noke om kidsa får lunsj på skolen. Vi trenge ikkje ta igjen 2 tima, fordi dei va på begynnelsen av dagen og vi fekk lunsj i dag etter tredje time.

Nok om det!

Etter skulen prøvde eg og Linda, hostmom, å reise ned til banken så eg kunne få opna en anna bankkonto, for kriditkortet mitt har ikkje virka i ei uke no, og eg har 1 dollar igjen. Banken var stengt, så vi skal prøve igjen i morra etter skulen. Eg trudde visa elektron funka her, men det gjer det ikkje. Fungerte i New York då, i bankane "Chase". Rart.

Eg var bedt med på et surprise party for Breanna og Kalyn. Eg har nettopp komt heim og eg hadde det kjempe kjekt! Heile volleyball teamet + noken kompisa av Breanna var der. Åt pizza og bowla! Så åt vi muffins med sånn kjempe god og fargerik krem på. DEt meste av kremmen gjekk til å matkrig, så alle var pretty much fulle av krem i fjeset. Fun :p Dei er kule alle sammen :p

No skal eg legge meg tenkte eg, håper det blir en tåkete morning i morra også! Håper dokke heime har det bra! Savner dokke alle sammen!

3 kommentarer:

  1. Tåka er skummel, no skjønar eg kvifor Stephen King gjorde sånn suksess med "The mist", eller kva det no var. Men om eg skulle velge mellom regn (som vi har her dag etter dag) og tåke, trur eg at eg held ein knapp på tåka...

    SvarSlett
  2. "tjukk som graut" er ingen overdrivelse der, nei;)
    Fin blogg du har:)

    SvarSlett
  3. åh, vi må få til å møtes en gang mens vi er her! Er jo ikke så langt unna heller. Spiller dere noen kamper mot Pepin Lakers? :)

    SvarSlett