torsdag 10. september 2009

Skulen forsinka 2 tima!

Vakna klokka halv 7 i dag som vanlig, gjorde meg klar og spis frukost, og fekk vite at skulen var 2 tima forsinka på grunn av tåke. Det er tjukt i med tåke her! I går var det ei bilulykke ikkje langt herfra så skulen blir når tåka lettar!

Eg fann ut at eg ikkje kunne vere med å trene volleyball i går før eg hadde levert inn noken ark om formen min osv. Så det må gjerast først. I steden for å trene i går, såg eg på. Det var egentli greitt for då fekk eg gjort litt geografi lekse i mens. Fekk lekse i går i Geografi, skulle skrive om en plass eg hadde besøkt i sommer, og måtte ha med alt nesten. Dette var ein dags lekse, noke vi i Norge hadde fått ei veke på. Stress, eg satt i heile går til klokka seint. På volleyball treninga introduserte coach Biever meg til dei 13 jentene på laget, endå eg hadde snakka med mange av dei før så var det greitt med en formell skikkelig introduksjon. hehe..

Dette var på tirsdag uttafor Rochester. Wabasha Kellogg want (selvfølgelig)!

Eg har faktisk fått opp skapet mitt kvar gang eg har prøvd til no! Proud, for det er ikkje enkelt, sånn kode lås du må vri rundt i sirkler først til høgre til det tallet så til venstre og så til høgre igjen. Sleit litt i begynnelsen men det gikk greitt. I går i Info processing øvde vi oss på touch metoden på datamaskinene. Kjekt, blitt litt bedre no. Vi såg også ein kort film PÅ NORSK der to komikerer skulle prøve å opne ei bok uten hell.

I media arts fekk vi ei fotooppgave, der vi skulle gå rundt på skulen å ta bilete av mange forskjellige ting http://www.youtube.com/watch?v=ueO0o8BwsmI Det var litt kult, eg skreik ut i klasse rommet: "It's on Norwegian!" How cool!

No må eg skrive ut Geography leksa mi og kjøre den gule bussen til skolen. Ønsk meg lykketil, merker det ikkje har slutta å kitle i magen endå -.-

1 kommentar:

  1. Var det denne dokke såg?:)
    http://www.youtube.com/watch?v=KiOxZ5uJyyE

    SvarSlett