Kall meg overtroisk, men eg sover med eit norske-flagget under puta. Eg har det veldig bra, trenge ikkje seie det på andre måter, det enkle er ofte det beste som Rema 1000 seier. Gosh, det er ikkje Rema 1000 her. Når eg tenker meg om, kven treng Rema 1000 når man har Walmart og alle dei andre butikkane med millioner av varer? I<3 it here -hehe. Og no er valuta kursen til dollar rundt 5,5 også. I dag på Black Friday har eg blitt ferdig med julepresangane, og handla frå 3am til 11am!
Eg var med Annika vertsmora hennar, søstra til vertsmora og venninna hennas igjen til Rochester. Sto opp klokka 1.15 for å gjere meg klar. La meg 8 i går kveld, sov i 2 timer, vokna og var våken i ein time og sov 2 timer til så var det avgarde! Det var super kjekt. Vi kjørte fra stor butikk med salg til stor butikk med salg. A bunch of great deals! Først kjørte vi til Old Navy, ein klesbutikk. Der var det så lang kø og så kaldt i køen at vi kjørte vidare til Target. Uttafor Target var det Crazy! Folk stod i kø når vi kom, og vi inkludert mange andre orka ikkje stille oss i kø, så vi venta uttafor over veien og når dei begynte å sleppe folk inn i butikken gjekk vi bort til dei andre. Folk skreik og så til alle dei utolmodige late sjelene at vi fekk vertfall ikkje sleppe inn før heile køen var komt inn. Det var noken som prøvde å snike seg inn i køen og ei dame gjekk bananas! Ho skreik til vakten som passa på at ingen sneik: "Hey this man here has to get out of the line, we have been standing here for 3 hours, he has to go now!!" Ho skreik dette imens ho skubba mannen som sneik ut av køen. Heilt villt. Eg veit ikkje om eg har sagt det før men i fjor var det ein mann oppe ved Minneapolis som var trampa i hel utanfor Walmart på Black Friday. Alt folk gjer for billigsalg, det skulle ikkje vert lov.
Anyways, eg handla nesten noke i kvar butikk vi var på. Korigering: Eg handla noke i neste kvar stor butikk vi var på. Såg over kviteringane mine ista, det var 11 butikker det + mat. Åt Tacobell til frukost klokka 8, nam nam. Vi var på Target, Shopko, FleetFarm, Dollar Tree, JcPenny, Mays's, Minnesota, Bath and Body Shop, Michaels, The Home Depot, Lowes, Herberger's. Det eg kjøpte til meg sjølv var Sko (Finaly, det var på tide), sånn foundation greie, og en til sportsbh (etter som vi har basketball trening nesten kvar dag no). Ingen klede, berre julepresanger. For meg så kunne det vore juleafta i morra, I'm ready! I love Christmas. Har vore glad i heile dag. Det hadde ikkje gjort noke om eg hadde fått ein eple til jul, det er mykje, mykje kjekkare å gi enn å få. Er dokke ikkje enig? Gash, den beste tida er juletida!
Dokke lurer sikkert på kor mykje eg brukte av peng i dag. Ei stund var eg virkelig bekymra eg også. Hadde ikkje kontroll, og har aldri følt det sånn før så det var virkelig skummelt. Eg kom opp i 230-40 dollar, dokke aner ikkje kor mykje eg fekk for pengane (høres kanskje ut som eg er desperat og prøver å overbevise dokke om at det var ikkje så gale, det var ikkje noke gale heller!) Fekk julepresanger til 9 stk pluss, pluss. Eg gleder meg sånn til jul no!
Skal forresten ikkje til Hawaii likevell. Har snakka om det veit dokke. Linda som eg skulle reise med fekk ikkje lov av ASSE (organisasjonen ho er i her), og eg fann ut i dag at eg har mykje heller lyst å bruke tid og penger på å oppleve Minnesota og det som er her med vertsfamilien min enn å reise til Hawaii. Eg har det veldig bra her som sagt, og eg føler ikkje eg går glipp av noke viktig om eg ikkje reiser til Hawaii.
Det skal visst bringe lykke å sove med eit norsk flagg under puta, og det trur eg jammen det at det gjer også, for eg har det veldig bra og eg føler meg veldig heldig som har så gode folk rundt meg.