Klokka halv 6 var vi heime igjen og eg henta kostymet eg lånte av Kali og fôr bort til Annika. Vi gjekk Trick or Treat med vertssøskene hennar. Gatene krydde av unger og vaksne, og husa var pynta og godterier vart delt ut. Vi sa"Trick or Treat!" og når vi fekk noko så vi "Thank you". Eg såg Sponge Bob kostyme og mange hadde kledd seg ut som hekser. Vi ringte på eit hus der dei hadde laga til ein spøkelses tunnell i garasjen. Vi gjekk inn og skreik heile vegen ut igjen. I ein av hagane var det laga til ein kirkegård vi måtte gå igjennom, med masse skumle figurer og døde skjelletter. Dei fikk ikkje så masse besøk av dei småe ungane som var ute å gjekk "Trick or Treat".
Halloween i USA er som Nyttårsafta i Noreg, men her gjer dei meir ut av det. Vi ringte på dører og dei vaksne som opna hadde kledd seg ut og malt seg i fjeset også. Nokre hadde laga spøkelseshus, og i eit hus fekk vi kakao. Det var gresskar med lys i overalt, og dei vaksne fulgte dei minste ungane rundt om kring. Halloween er ein strålandes høgtid!
Ka du var kledd ut som?:)
SvarSlettHalloween virka akkurat som på film! eg er misunnelig!!
Miss you <3
Det høyrest ut som ein veldig artig halloween! Eg såg bilde av kostyme ditt på face, det var råstilig! :D
SvarSlettVeit du ka? eg skal kjøpe meg gitar ;)
Rått Linda :D
SvarSlettEg var utkledd som ei blond heks med jakt sko og finlandshette :p
I miss you 2 <3
EG VIL SJÅ BILDE!
SvarSlettFacebook :D
SvarSlettDei graskara (pussig kor annleis det ser ut på nynorsk - "gresskarene", vel, ikkje stort betre.... MEN poenget var at dei var berre utruleg stilige...utskjeringane var jo reine kunsten....
SvarSlettBukkeNikkeNeie, vi får gjere det neste år :D
SvarSlett