No er eg kjempe trøtt endå klokka berre er halv 8. I går var eg på kina restaurant med nicole og mora hennas etter basketball trening, det var kjempe hyggelig. Så kom eg heim og tok på meg pysjebuksa og tenkte eg ikkje skulle ut meir den dagen. Men så ringte telefonen min og det var nicole. Så då gjekk Nicole, Taylor og meg på Bowling. Dei er juniora begge to. Annika ringte også i går og sa at eg kunne vere med ho og vertsmora hennas på shopping i natt. Det blir kjempe kjekt! Vi reiser klokka halv 2 i natt til Rochester, butikkane opner klokka 3 am. Det er Black Friday i morra og det er kjempe masse salg i butikkane, så dei opner dei grusomt tidlig. I fjor var det ein mann som vart trampa i hel uttafor Walmart i Minneapolis /St. Paul. Crazy Crazy. Eg har vore på Slipknot konsert før og stått heilt framme i midten heile konserten så eg forsvinne ikkje så lett! Dette skal bli kjekt!
I dag tilbrakte eg halve dagen hos mora og faren til Paul, vertsfar på Thanksgiving. Det var kjekt, fekk møte mange i slekta deira. Vi lagde noke fra "Boller til Burritos" kokeboka mi fra 9-klasse. Ein marokansk rett med couscous og gulrøtter, løk, paprika og squah. nam nam! Dei lagde det mens eg var oversetter og rettleiar! Hadde aldri laga det før!
På lørdag skal vi til Lake City og ta manikyr, det blir digg :D så skal vi på en Hallmark butikk også. Trur dei selger det meste der..
Eg har fortsatt ikkje sett New Moon!
for 6 år siden
Eg såg New Moon igår, men eg synest 1aren var bedre;)
SvarSlettGler meg til å høyre om Black-Friday-shopppinga di:):)
du sa aldri noke om det var godt? (kanskje eg og har lyst til å prøve?:)
Skal berre teste kva som skjer når eg trykke på det rullestolteiknet ved sida av då du må skrive inn kva for bokstavar det står før du får kommentere(A)
SvarSlettHehe, btw det var kjempe godt!
SvarSlettDa har eg og lyst å lage!:)
SvarSlettLykke til med manikyren idag! (ditta ksriver eg på lørdag)