Eg er den heldigaste i heile verda! Ingen ord kan beskrive den gleda eg føler. I dag har eg møtt slketningane mine i Mall of America. Det kan ikkje bli stort bedre no.
Sto opp i halv sju - tida for vi skulle reise klokka halv åtte. To timar tok det til Minneapolis, hovudstaden i Minnesota i lag med St Paul. Då vi kom kvart over ni var det ikkje butikkane opna så vi gikk rundt og fann ut kva butikka vi ville gå i. Mall of America er USA sitt største shopping senter, men fire etasjer og tivoli i midten inne. Mens vi gikk rundt om kring kunne eg ikkje la vere å tenke på kva som skulle skje klokka tolv. Eg skulle møte tremenningane mine for første gang.
Bakgrunns historie
Pappa si tante, Birgit, immigrerte til USA då ho var 17 år i 1914/1915. Ho gifta seg med Arthur Charles frå Ireland eller skottland. Dei fekk unga. Ei av dei oppkalla dei etter Charles. Dei kalte han også for Charles. Charles gifta seg med May Beth, ho møtte eg i dag sammen med ungane deira, Chuck, Collete, Cese, og Carol. Candy kunne ikkje komme, ho bur i Alabama. Dei er vell i 40 - 50 års alderen om eg har lest familie treet riktig. Dette med slektninga er så interessant!
Øyeblikket eg hadde venta på
Klokka tolv var eg kjempe excited. Vi gjekk ned til Underwater adventures og venta. Dei skulle parkere i "garasjen" og kom inn inngangen der. Eg var virkelig nervøs. Kva om eg ikkje kjente dei igjen? Eg hadde berre sett Chuck på bilde før. Det var vanskelig å konsentrere seg om andre ting der eg sto å venta. Eg prøvde så godt eg kunne å danne meg eit bilete av Chuck. Det hadde ikkje heilt gått opp for meg at eg endelig skulle få møte dei eg hadde hørt så mykje godt om, dei som eg var i slekt med. Etter ei stund hørte eg Linda, vertsmora mi seie navnet mitt og då eg snudde meg såg eg tre damer og ein av dei hadde eit velkommen skilt i handa ho hadde laga sjølv.Det var Collette. Eg hadde ikkje forventa å få velkomstskilt! Nokre sekund etterpå kom Chuck mora deira, May Beth. Det var eit heilt fantastisk øyeblikk der vi alle stod. Eg vart så glad at eg felte noken tårer. Ein stor hai-bamse gjekk forbi og vi tok bilde alle sammen. Collette kunne synge Norges nasjonalsang. Vi sang den ilag og filma. Det var kjempe kjekt!
Lunsj, fotoalbum og presanger
Vi gjekk for å spise, men det var fullt og vente tida var på 45 minutt, så vi satt oss ned på ein benk og såg på familie bilder som dei hadde tatt med. Dei hadde eit bilete av Klaus, farfaren min, der han stod på trappa ved hytta til farmor. Dei visste ikkje at det var farfar så det var så kult å kunne seie "That's my grandfather!" Dei hadde mange bilder av Birgitt, både som ung og eldre. Very beautiful lady. Dei hadde bilde av Valborg, søstra til Birgit som døde då ho var berre 17 år gammal. Då eg satt der å såg på bilder kunne eg ikkje la vere å tenke på kor kjekt det hadde vore for farmor å vert der, og pappa. Chuck hadde til og med skrive ut det store familietreet vi hadde på eit A3 ark eller større. Dei hadde kjøpt presanger til meg, dei skjenerøse! Dei var alt for snille. Eit turkis skjerf (dei visste ikkje at yndlingsfargen min var turkis), eit nydelig par med votter (dei visste heller ikkje at eg hadde mista vottane mine.) Dei hadde med seg ein genser med "Minnesota" på til meg, og eit navn og adresse - skilt til kofferten min. Eg gav dei armband som eg hadde laga.
Dei må vere nokre av dei hyggeligaste personane eg har møtt noken gong. Som om dei var sendt fra himmelen, så kjekke var dei! Kjempe snille, ikkje minst skjenerøse ettersom dei betalte heile lunsjen til alle sammen. Eg fekk bilettar til karusellane også noko som eg og Kali prøvde seinare. Dei hadde eit veldig nært forhold og ein sans for humor som berre var heilt fantastik. Veldig omgjenngelige folk, og eg storkosa meg heile tida. Eg er veldig stolt som er i slekt med dei. Det var ein fryd. Dagen var ein fryd, og eg ville ikkje at den skulle slutte. Ingen ord og bilder kan beskrive denne dagen godt nok!
for 6 år siden
Fantastisk kjekt, Oda Marie!
SvarSlett