onsdag 11. november 2009

Resultat av giddalaus blogging!

Det kjem ein video her snart, så stay seated!

søndag 1. november 2009

-"What are you hunting for?" -I'm hunting for Candy!

Gårsdagens Halloween var super kjekk. Eg var også i Rochester å handla med Annika, Linda og Paul, begynte å gå tom for klede. Linda og Paul slapp oss av på kjøpesenteret etter å ha kjørt i 45 minutt. Annika og meg brukte 2 timer på berre ein korridor, og då vi kom ut på den andre sida etter 3-4 timar hadde vi ikkje kjøpt halvparten av det vi kom for å kjøpe. Eg trengte klede men kjøpte berre 2 t-skjorter. Eg greie aldri finne klede eg virkelig liker, det er så vanskelig endå det er masse fint her i butikkane. Men men, håper det ikkje er så lenge til neste gang.

Klokka halv 6 var vi heime igjen og eg henta kostymet eg lånte av Kali og fôr bort til Annika. Vi gjekk Trick or Treat med vertssøskene hennar. Gatene krydde av unger og vaksne, og husa var pynta og godterier vart delt ut. Vi sa"Trick or Treat!" og når vi fekk noko så vi "Thank you". Eg såg Sponge Bob kostyme og mange hadde kledd seg ut som hekser. Vi ringte på eit hus der dei hadde laga til ein spøkelses tunnell i garasjen. Vi gjekk inn og skreik heile vegen ut igjen. I ein av hagane var det laga til ein kirkegård vi måtte gå igjennom, med masse skumle figurer og døde skjelletter. Dei fikk ikkje så masse besøk av dei småe ungane som var ute å gjekk "Trick or Treat".
Halloween i USA er som Nyttårsafta i Noreg, men her gjer dei meir ut av det. Vi ringte på dører og dei vaksne som opna hadde kledd seg ut og malt seg i fjeset også. Nokre hadde laga spøkelseshus, og i eit hus fekk vi kakao. Det var gresskar med lys i overalt, og dei vaksne fulgte dei minste ungane rundt om kring. Halloween er ein strålandes høgtid!

søndag 25. oktober 2009

Lutheran Church - Peace be with you - knekk!

Denne kirka var nokså lik den norske kirka eg er vandt med. Vi sang, hadde nattverd og presten leste og vi sa Amen og ba. Noke som var annleis var at vi sa "Peace be with you" og hilste på kvarandre. Eg hilste på ei gammal dame og eg trur eg tok ho litt for hardt i handa, for det knakk!

Eg stod opp klokka halv 7 for å gjere meg klar. Vertsfamilien min går ikkje vanligvis i kirka, men Linda, Kali og meg gjorde det i dag fordi Kali skal konfirmere seg snart og ho må delta på kirke aktiviteter. Akkurat sånn som vi i Norge må delta på så og så mange søndager i kirka før vi kan bli konfirmert.

Vi sang ein salme som vi også har i Norge, "Be Thou My Vision." På norsk heiter den "Deg å få skode." Veldig fin sang, også på engelsk.

Det som var litt rart var at presten snakka om Simpsons, eit eller anna om ho lille jenta på Simpsons sa at ho hadde funne opp The Lutherns. Presten snakka også om at facebook, myspace og youtube har blitt ein ny måte å kommunisere på, også for dei. Eg er jo protestant, og dette var ein luthersk kirke. Presten hadde ein liten "tale" om at den protestat kirka ikkje kjempa så hardt for ting som den lutherske kikra gjer. Vi følger meir "The Main Stream". Presten visste ikkje at eg var protestant, men Linda såg på meg å smilte veldig då ho sa det. Det var litt morsomt.

Dette kirke besøket var ikkje så annelis fra den norske kirka, men i Winona (20 min herfra) har dei det litt annleis. Der er det litt meir "Hallelujah! - Spirit" i lufta. Kanskje vi skal ta oss en tur ned dit en søndag. Eg er ikkje vansligvis ein person som går i kirka, men eg gleder meg faktisk litt til vi skal til Winona kanskje. Det er jo viktig å få med seg så mykje som mulig av den Amerikanske kulturen! Og eg har hatt eit inntrykk av at det er meir "kjekt" å gå i kirka i USA enn i norge, det skal liksom vere meir som skjer, og man blir meir involvert. Den lutherske kirka eg gikk til i dag var litt vanlig, sånn som i Norge. Eg har fortsatt lyst å oppleve "Hallelujah - spirit", og sjå om det er sånn som eg hadde forestilt meg. Let's find out in Winona some day!

Faith Lutheran Church of Wabasha

tirsdag 20. oktober 2009

Eg bestod ikkje + meir info

I dag på skulen tok vi en test som alle som ville flytte til Ameirca på 18-1900 talet måtte ta og bestå for å kunne bu i America. Det var 50 spørsmål og vi måtte velge Minnesota som stat.. Man måtte ha 60 % for å bestå, og med dei puslete 46 % eg fekk, bestod eg altså ikkje. Så no blir eg sendt heim i løpet av neste veke.. great. Neida, eg sa ikkje ka eg fekk til læreren min i Amerikansk historie, det vart for flaut.. Eg syns spørsmåla var vanskelige.. Prøv dokke! http://www.800citizen.org/us_citizenship_test/

Noken andre ting eg har lagt merke til:
  1. Smaken på tyggisen varer lengre her
  2. Flipflops/sandaler er VELDIG inn her
  3. Man må skifte klasserom kvar skuletime, det er lærerene som har sitt eige faste klasserom
  4. Man kan ikkje berre gå do midt i timen eller til skapet sitt, man må ha Hallpass.
  5. Racoons, ekkorn og stinkdyr blir kjørt over av bilane ikkje pigsvin
  6. Slengbukser er fortsatt inn
  7. Poofed hair er veldig populært blandt jenter. Sjå bilde av meg på innlegget før dette
  8. USA og ikkje minst skulen er akkurat sånn som på film
  9. Så og seie alle 16 åringer har billappen
  10. Det er inn med kort hår. Sånn ned til halsen
  11. Vi tener meir i norge og ting er dyrare. Her tener dei mindre og ting er billigare, så det går opp i opp
  12. Man har dag til dag lekse
  13. Standaren er høg i sporter på skulen, spesielt volleyball
  14. Å gå til frisøren er billigare, eg betalte 260 kroner for vask klipp og litt styleing + shampoo og balsam
  15. Reklame reklame reklame reklame
  16. Skulen varer like lenge som heime
  17. Alle er veldig høflige, seier sorry, excuse me og how are you all the time
  18. Dei har ikkje buss eller tog, kollektiv transport
  19. Spotify fungerer ikkje, berre i 14 dager til dei merker at du ikkje er i Norge lenger
  20. USA er eit kjekt land å bu i!
Og btw, dei har nordlandslefse i butikken!